Blog in English

This blog was first started as part of a course I attended, but I’ll gradually transform it into my personal blog in English. I already have one in Norwegian, but some people I know seem to have trouble reading that. Can’t imagine why. I can read English 🙂

The metamorphosis will not be done in a day, so be patient.

Vårfornemmelse

Vårfornemmelse og julestemnen er begge slike vage udefinerbare ting som av og til dukkar opp når du minst anar det. I år kom vårfornemmelsen på ein torsdag. Turneringskomiteen i Bjørnefjorden golfklubb hadde sitt første møte for sesongen og midt i diskusjonen om datoar, turneringsansvar, golfbox m.m. kom vårfornemmelsen sigande. Eg berre gler meg eg.

High!

Moro for nerdar?

OK, vi er kanskje litt sære. På ein laurdagskveld sit vi tre vaksne menneske med kvar vår PC og har det moro med blogging, librarythingstatistikkar og diskusjon om Bibliotek 2.0. Men, no byrjar iallfall bloggen min å sjå ut slik som eg vil, og eg har hurtiglært meg ein del fleire gøye ting med Librarything. Librarything er no oppe i over 9,999 millionar katalogiserte dokument, så no er nok ikkje 10 millionar langt unna.

Blåmerke

Eg veit at det ikkje er meininga å slå til seg sjølv når ein spelar squash, men av og til er det tydeligvis ikkje til å unngå. Det ekstra kjipe er då sjølvsagt å klare å treffe eit gammalt blåmerke som var ganske sårt frå før. Og sympatien frå motspelar var sjølvsagt heilt fråverand. Kan ha noko med å gjere at ballen som også blei slått i same slengen hadde nokså feil kurs og nesten traff henne i hovudet. Bortsett frå sånne små uhell, og at me av og til må ut på jakt etter ballen som har stukke av til nabobana eller hengt seg fast i taklyset, så er det veldig gøy å spele squash. Vanlegvis er veggane heile når me går og. Lysaker squash - her går det hardt for seg.

Første innlegg på ny blogg.

No har eg altså flytta bloggen min. Tusen takk til Thomas og Hege som har latt meg få plass på Miromurr. Førebels ser heile greia ganske gørr ut, men etter litt opplæring og slikt skal eg nok få fiksa på den. Tanz er forøvrig ei bok av Jon Bing. Miromurr er med i den og. Tanz : Gåtenes planet

Verkstad nr. 2

I dag har vi hatt den andre verkstaden i serien. Vi har snakka om dårlege websøk, podcasting, Youtube og Google Video. Vi har også fått prøve oss på å lage eit lydopptak. Det er framleis skummelt å høyre si eiga stemme. Gler meg til neste gong då ting hovudsakleg kjem til å handle om det sosiale nettet.

Om bokanbefalingar på Plinius

I Hjelp – hva skal jeg lese nå? ser Plinius på spørsmål og svar om litteratur på Biblioteksvar. Eit interessant bilete av dei litteraturspørsmåla som Biblioteksvar kan få, og svara dei gjev. Gav meg dessutan eit par boktips i farten.