2013 i Lønborglien

2013 i Lønborglien 299

Januar:
Vi gjekk inn i det nye året på takterrassen til gode venner i Bellevuebakken der vi var med og feira ein strålande 50-årsdag. Vi har nådd den fasen i livet då vi byrjar å bli vant til 50-årsdagar. I januar fekk vi også gleda av å sjå Ingrid Bjørnhov live i Grieghallen, og i underhaldningshjørna elles så starta også Kristin friskt på nyttårsforsettet om å sjå minst 12 filmar på kino i 2013. I januar gjekk det bra med Hobbiten 1 og Life of Pie. I katteavdelingen så har Luna har budd hjå oss i ca. 1 månad og kjem godt overeins med Solan. Ho har og gjort at kattematbudsjettet er meir enn dobla. Elles så har det ikkje skjedd noko dramatisk på kattefronten i år, noko som er deilig etter alle dei medisinske krisene Solan hadde første året han budde hjå oss.

Februar:
UFO-klubben heldt fram med det gode arbeidet starta hausten 2012 (gjere ferdig alle dei påbegynte handarbeidsprosjekta heime hjå Hanne sine nærmaste kvinnelege slektningar). UFO-møta har halde fram heile året og endeleg er det litt progresjon i desse prosjekta våre. Elles så var det jobb og ein bursdag eller to.

Mars:
Utanom det vanlege sjekka vi gjestekapasiteten i heimen på Eva sin bursdag med heile familien på begge sider på kaffibesøk. Ca. 23 personar gjekk ganske bra. På kulturfronten gjekk vi og Thomas og såg Shakespeares samlede verker – lett forkortet på DNS. Veldig gøy, og berre bitte litt forkorta. Vi heldt også fram med å ha felles bursdagsmiddag på ein av Bergen sine betre restaurantar, denne gongen på Colonialen.

April:
Ilene’s Old Bats hadde si første samling i snøkavane på Skansemyren. Mange damer utan peiling på baseball var samla. Vi klarte også endeleg å samle våre gode bryllaupshjelparar til ein takkemiddag. Veldig koseleg. I klassen for dei alt for sjeldne utforskingane av stader i Bergen sine nabokommunar tok vi oss ein tur til Telavåg og Glesvær. Fint, men kaldt. I tillegg så serverte dei til Eva si store begeistring torskerogn til middag på kafeen på Glesvær. Vi besøkte også litteraturhuset for første gong og høyrte på m.a. Linda Eide. I april kjøpte Kristin også inn sitt første par lesebriller, det var ingen veg utanom.

Mai:
Vi var på konsert med Tyra sit skulekor der programmet i følgje Tyra var “Gamle sanger frå då tantene, mamma og pappa var unge”…… Alderen vart vi også påminna om då første tantungen, Magnar, vart konfirmert i Olsvik kirke. I 17-maihelga fekk Magnar gåva si frå oss, ein veldig hyggeleg tur til Berlin. Vi fekk også med oss eit par festspelkonsertar i mai, Murmurations med Phase7 på Festplassen og Circus Eloize i Grieghallen. Stella fekk også sin første vesle smakebit av jobblivet med å ha ein jobbskyggingsdag, ho delte den mellom psykologtenesta i Askøy kommune og bibliotektenesta på Bergen Katedralskole. Elles fekk Eva hageinteressa si ytterlegare redusert ved å skjære ned alle buskmurene i skråninga oppafor inngangspartiet til heimen, det tok mange timar. Skråninga ser mykje betre ut etter arbeidet, og det same gjer buskene.

Juni:
Endå ein festspelkonsert, Gjertruds sigøynerorkester på Logen. Kristin fekk seg ein helgetur til Roma med nokre innlagte arbeidsøkter, men også litt tid til sightseeing. Eva spelte litt golf og gjekk på eit fotoredigeringskurs. Solan blei vaksiner og klarte som vanleg å skremme veterinæren og sørgde for at nåla i vaksinasjonssprøyta bøygde seg. Neste år pakkar vi heile katten inn i ein handduk.

Juli:
Kjempeflott ferie i USA og Canada, sjå her, her, her, her, her, her, her, her og her. Vi såg masse og tilbakte også kjekke dagar saman med Kurt og Doug i Chicago og Eva sine bonusforeldre, Doris og Dick, som vi trefte i Portland. Tur med leigebil og Frøken Ullmann (Gpsen) gav meirsmak.

August:
Tilbake på jobb igjen. Elles starta alt anna opp og, TV-kveldar, speleklubb, UFO-klubb, Damegolfen, Sapfonia (koret), m.m.

September:
Kristin byrja på vidareutdanning i spe- og småbarns psykiske helse og vi feira 1 års bryllaupsdag. Vi var også på Forskar Grand Prix på Verftet, veldig morosamt men Eva sin favoritt var ikkje den som vant. Litt småknurring i bilen heile vegen heim.

Oktober:
Reisekløo tok fullstendig overhand. Først ein tur til København der Kristin var i embets medfør og Eva tok ein helgesving innom. Så var vi heime i to dagar før vi og mødrene våre tok ein langhelg i Barcelona. Vi har masse igjen å sjå der, så det er ein god grunne til å reise dit igjen. Helga etter hadde Sapfonia øvingshelg på Voss, og Eva måtte også vere med. Det var kameraet hennar og. Den nye etasjeskuvsenga vi hadde bestilt til gjesterommet kom også endeleg fram. Montasjen gjekk greitt bortsett frå eit nokså uelegant fall som heldigvis berre førte til eit imponerande blåmerke. Gørild og Tyra gjennomførte kvalitetskontrollen av produktet med å sove godt.

November:
Vi kom veldig seint heim etter Janneke og Eviann si doble 50-årsfeiring. Eva gjekk på kurs i macrofotografering og var på workshop på Akvariet.  Ho syns slangar, øgler og edderkoppar er gøy….

Desember:
Juleførebuingane tok til med bakesøndag med Marie B. og Carina. Vi fjernar framleis konditorfarge. Luna fekk si vaksinasjonssprøyte. Ho klaga heile vegen i bilen men oppførte seg fint hjå veterinæren. Så var 4 av tantungane, Ida, Marie, Carina og Jonas med oss på familiekonsert i Grieghallen. Ungane omtalte helst salen som Putti-plutti-pott-salen. Det vart også fleire kinobesøk. Kristin sitt nyttårsforsett gjekk ikkje heilt etter planen, det blei 10 filmar på kino i år (ho prøver igjen neste år). Hobbiten 2 var ein av dei siste, og Kristin var slett ikkje nøgd med slutten på den. Den fortørna fnysinga tok ikkje slutt før vi var vel heime. Jula har vi tilbrakt med familie og venner og no ser vi fram til nye eventyr i 2014.

Godt Nyttår alle saman!


Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *