Eg merkar at det hjelper på disiplinen min å ha nokre lesemål. Så her er lesemåla for 2012.
- Eg skal lese minst 52 bøker. Dette inkluderer grafiske romaner, noveller og faglitteratur.
- Eg skal lese minst 52 noveller i 2012.
- Eg skal lese minst 12 bøker i leseutfordringa 2012 Speculative Fiction Challenge som eg skal delta i. Mesteparten av desse bøkene er frå skal-lese-haugen min, så det er ein god ting. I løpet av året vil eg kanskje delta i andre lese utfordringar og. Det vil tida vise.
- Eg skal lese minst ei bok frå kvar verdsdel og minst ei som finn stad i ei anna verd, på ein annan planet eller i verdsrommet.
- Eg skal lese vinnarane (romaner) av følgande prisar:
- The Man Booker Prize (vinnaren blir annonsert i midten på oktober)
- The Lambda Literary Awards (SF/Fantasy/Horror & Lesbian Fiction. Kanskje Lesbian Mystery og. Vi får sjå). Blir utdelt i juni. – Lesbian general fiction – Six Metres of Pavement / Farzana Doctor, LGBT SF/F/H – The German / Lee Thomas, Lesbian mystery – Dying to Live / Kim Baldwin & Xenia Alexiou.
- The Spectrum Awards (Blir vanlegvis utdelt i november)
- The Hugo Awards (utdelt på WorldCon, 30.aug.-3.sept. 2012) – Among Others / Jo Walton
- The Nebula Awards – Among Others / Jo Walton. - Eg skal lese minst 3 faglitterære bøker.
- Eg skal lese minst to novellesamlingar.
- Eg skal halde fram med å blogge om bøker eg les.