Som golfdommar er eg vant med at folk spør meg litt om golfreglar når eg er ute og spelar golf. Dette syns eg stort sett berre er kjekt.
Dessverre så spør folk ofte om hjelp med veldig enkle ting som dei burde kunne. Eg forstår at det til tider kan vere vanskeleg å finne “nærmaste punkt for fritak” i fritakssituasjonar, men alle som har gått gjennom den grunnleggande opplæringa bør vete om det er ein fritakssituasjon eller ikkje. Ein bør og kunne droppe seg ut av eit vannhinder på rett måte og det bør ikkje ta alt for lang tid å lære seg kva som meinest med “flagglinje”.
Fleire gongar har eg fått høyre setningar av typen “eg burde kunne dette, men eg går nesten berre selskapsrundar med familie/venner og då er vi litt snille med kvarandre“.
Å vere snille med kvarandre på den måten er å gjere kvarandre ei bjørneteneste. Når ein kan reglane nokonlunde skikkeleg så veit ein kva ein skal gjere i forskjellige situasjonar; ein kan finne den beste løysinga i vanskelege situasjonar og ein unngår straffeslag for å gjere feil. Spelet går også minst like fort når alle kan og følger reglane, som det gjer når ein er snille med kvarandre. Og eg syns i tillegg at det er uendeleg meir tilfredsstillande å forbetre handicapet mitt når eg veit at eg har fulgt reglane. Regelboka er sjølvsagt alltid med i bag’en slik at eg kan sjekke dersom eg er i tvil om noko.
Kjæresten min er framleis ganske ny som golfspelar og eg er gjerne snill med henne og alle andre eg spelar golf med. Ikkje ved å gje blaffen i reglane, men med å hjelpe henne med å lære reglane og golfetikette slik at ho no byrjar å bli ein golfspelar som alle kan synast det er greit å gå med.
