I dag har vi spelt Pink Cup på Bjørnefjorden Golfklubb. Eg skulle ønske at det hadde vore fleire med og støtta brystkreftforskninga, men vi som var der hadde det iallfall gøy. 10-åringen takka for seg etter 9 hol og åt is i klubbhuset istadenfor, men ho fekk no spelt ein del golf ho og.
Rosafargen dukkar elles opp fleire stader i dag. Etter 18 hol og mange timar ute i sola ser vi at vi ikkje har gjort ein heilt god nok jobb med solkremen. Vi er litt rosa både her og der. Store klattar med fuktighetskrem er smurt på dei aktuelle områda.