Det viktigaste bygget i Bjørvika

Me var ein tur i Oslo i helga. For ei som ikkje har vore i Oslo på ei stund var sjølvsagt ein spasertur på operataket obligatorisk. Operaen er eit flott bygg som fortjener all merksemda han har fått.

Me var også på Tullinløkka og såg på utstillinga av arkitektframlegga til nye Stenersen/Munch-museum og nye Deichmanske bibliotek. Det var mange spennande og nokre ikkje fullt så spennande framlegg, så det blir interessant når juryane sine instillingar blir presentert om ei veke.

Eg såg at nokre arkitektar uttalte seg i Bergens Tidende om framlegga. Dei ville ikkje at nokon av dei andre bygga skulle overskygge operaen og hadde ønskt seg meir nøkterne framlegg.

Eg trur desse arkitektane har misforstått når det gjeld kva for eit bygg som er det viktigaste i Bjørvika. Operaen og museet er viktige, men Deichmanske bibliotek er VIKTIGAST. Operaen og museet rommar sine avgrensa kunstformar og er viktige signalbygg for å vise at Oslo er hovudstaden i ein kulturnasjon. Biblioteket er eit mykje viktigare bygg som viser at Oslo er hovudstaden i ein kultur- og KUNNSKAPSNASJON.

Biblioteket er for alle – fattige, rike, dei midtimellom, etniske nordmenn, etniske kvasomhelst, med statsborgarskap i Norge, med andre statsborgarskap, utan statsborgarskap, lesande, analfabetar, lese- og skrivehemma, kunnskapssøkande, underhaldningssøkande, ung, gammal, middelaldrande, udanna, danna, uutdanna, velutdanna, ateistar, religiøse…. alle skal kunne finne eit tilbod på biblioteket.

Biblioteket si plassering er den rette – nærmast byen og alle som bur der, men også godt synleg for omverda representert ved fjorden. Eg håpar berre at Oslo sine politikarar tør å gå inn for eit Deichmanbygg som yter biblioteket rettferd.

Som eit apropos har Snøhetta levert eit framlegg til Deichmanske museum. Eg håpar at deira er eit av dei mest spektakulære som viser at dei iallfall forstår kva som skal vere det viktigaste bygget i Bjørvika. Dei har iallfall gode tradisjonar å vise til frå Alexandria.

Uansett arkitektur så håpar eg at Deichman får eit bygg som gjer dei høve til å tilby alt dei har lyst til å tilby sine brukarar – til å vere alt eit folkebibliotek i ein hovudstad kan vere. Eg vil at Oslo skal ha eit folkebibliotek som får folk til å peike dit når det gjeld gode eksempel på bibliotek, og som gjev eit sterkt signal til politikarar elles i Norge og verda om kor viktig det er å satse på den mest demokratiske institusjonen vi har.
Oslo operahus - ikkje det viktigaste bygget i Bjørvika

Comments are closed.