Homoekteskap i USA

DobbelvenusSaman med gleda over at USA i fjor haust valgte Barack Obama til president framfor McCain kom skuffelsen over at anti-homoekteskapsframlegg fekk fleirtal i alle statar der dei hadde eit slikt. (Tidlegare har fleire slike framlegg fått fleirtal i t.d. Colorado).

I California heitte dette framlegget Prop.8, og fekk dessverre eit knapt fleirtal. Rettsystemet og lovmakeriet i USA er imidlertid merkelige greier, så no står slaget i rettsalen igjen. Dersom Prop.8 taper vil igjen homofile i California kunne gifte seg, iallfall for ei stund. Trur eg iallfall. (Må innrømme at amerikansk legalese til tider er tungt å ta til seg) Og eit av slaga står i dag.

Her er to artiklar frå The Advocate:
More Rights Than Marriage Hinge on Prop. 8 Hearing
Same Fight, Different Approach

Må elles sei at eg føler med heldig som bur i Norge der vi har fått ei felles ekteskapslov, og det ser heldigvis ikkje ut som om den er spesielt trua heller. Iallfall ikkje akkurat no. Uansett så bør vi nok alltid vere på vakt både for homorettar og kvinnerettar, og gjere vårt beste for å støtte homoarbeidet i andre land og.

Elles så forundrar det meg ærleg talt at nokon skal bli så oppskaka over at andre får rett til å gifte seg.

Comments are closed.