I tid og rom – bokomtalar

The Hungry Ghosts av Anne Berry
Tid: frå midten av 1960-talet til 2006
Stad: Hong Kong, England og Paris
Veldig bra bok om Hong Kong, spøkelse og ein dysfunksjonell familie. Meir på ASVbib-bloggen.

Stolen av Lucy Christopher
Tid: nokre månader på 200?-talet, med glimt tilbake i tid, sånn ca. 25 år.
Stad: Bangkok lufthavn, Great Sandy Desert i Australia og London
God og spennande ungdomsbok om kidnapping, besettelse, forvirra følelsar og Australia si audemark. Meir på ASVbib-bloggen.

Blackout av Connie Willis
Tid: 1940-45 og 2060
Stad: London, Dunkirk, Oxford og ein del andre stader i England
Connie Willis har venta lenge med å komme med ei ny roman, men når ho endeleg gjer det er det med volum 1 av eit tobindsverk. (Heldigvis kjem neste bok, All Clear, alt i oktober, så eg klarar vel å vente).

Har vi ikkje alle, iallfall har eg, hatt lyst til å kunne reise tilbake i tid for virkelig å sjå korleis ein eller annan ting foregjekk. Historikarane i Connie Willis sine tidsreisebøker får gjere nettopp det. Men så er det berre slik at ting ikkje alltid går etter planen, historikarane hamnar ikkje nødvendigvis akkurat der og når dei skal, dei slit med å komme seg til tidsreisenettet når dei skal rapportere heim, og når dei greier å komme seg til nettet på rett tid så vil tidsreisenettet av ein eller annen grunn ikkje opne og sleppe dei igjennom.

Eg elskar Connie Willis sine bøker. Det var vidunderlig å treffe igjen Colin og professor Dunworthy frå Doomsday Book og To Say Nothing of the Dog, og historikarane i Blackout er like tiltalande bekjentskap som Kivrin frå Doomsday Book og Ned & Verity frå To Say Nothing of the Dog. Trur eg må lese desse om igjen medan eg ventar på All Clear til hausten.

Andre har også omtalt Blackout.

Comments

I tid og rom – bokomtalar — 2 Comments

  1. Ho er jo sjølvsagt ikkje oversett til norsk, og sidan ho er kvinne er ho typisk nok mindre omtalt enn andre SF-forfattarar som har vunne færre prisar enn ho har. Men, ho er så verd å lese.