DRM på ebøker – ein uting

Eg har ikkje kjøpt ein eboklesar enno. Eg har tenkt på det, og eg har lyst på ein, men så er det desse irriterande begrensingane som ligg på dei. Sagt enkelt så kan ein berre lese ei ebok kjøpt på Amazon på Kindle, ting kjøpt på Barnes & Noble på Nook og ein kan ikkje låne bøker til andre utan å låne vekk heile eboklesaren sin. Det er sjølvsagt også vanskeleg å låne bøker frå andre. Kvifor kan dei ikkje berre bli einige om ein standard og la oss sjølv få velge kva for bøker vi vil lese og kva vi vil lese dei på.

No foregår det jo ein del bibliotekforsøk med ebøker, så ting blir kanskje betre etterkvart, når dei reaksjonelle dinosaurane i forlagskontora har gått av med pensjon….

Men, eg har altså lyst på ein eboklesar. Det kunne vere greit å reise på ferie med ei bok istadenfor haugen vi plar ha og det kunne vere greit å redusere den fysiske bokmengda i heimen litt. Eg kjøper nok ein til slutt, men ikkje denne veka, har først ein haug med uleste papirbøker som ventar.

Ragni har kjøpt seg ein Nook, men er også veldig sur på DRM

Comments

DRM på ebøker – ein uting — 2 Comments

  1. å alltid vite kor nærmaste gode bokhandlar er er ein av dei overlevingstriksa eg faktisk har tileigna meg. Å ete åmer er det verre med.