Kafka på stranden

Eg har lest Kafka på Stranden, og nyttar no den sjeldne gleda det er å skjelle ut ei bok.

“Kafka på stranden” er et stort og underfundig episk verk, med forankring både i dagliglivets håndfaste realisme og i en drømmeaktig verden full av fantastiske historier og innfall. Vi møter Kafka Tamura, som på 15-årsdagen sin setter seg på en buss og rømmer fra faren sin i Tokyo. Han slår seg ned i et lite bibliotek på øya Takamatsu, der han blir kjent med den androgyne Oshima og den gåtefulle, eldre kvinnen Saeka. Vi møter også Nakata, en underlig, gammel mann som har kunnet snakke med katter etter en mystisk ulykke han var utsatt for som liten. Etter hvert veves Kafkas og Nakatas liv sammen. Nakata blir innblandet i en mordhistorie som også berører Kafka, mens Kafka fortsetter å lete etter den bortkomne moren og storesøsteren sin, og prøver å unngå den skjebnesvangre ødipale spådommen han alltid har hatt hengende over seg. Levert av © DnBB AS

Det var fleire grunnar til at eg hadde lyst til å lese denne boka: Den foregår i Japan og passar derfor perfekt inn i lesemålet om å lese bøker frå forskjellige verdsdelar. Murakami skulle visstnok skrive ein slags magisk realisme fantasy, noko som høyrtes ut som noko eg ville like sidan eg ofte likar bøker som får hjernen min til å vri seg. Ein av hovudpersonane kan snakke med kattar, eit uimotståeleg trekk i mine auge. Den har ein kul tittel og ei veldig kul framside.

Derfor er det så synd at det den stort sett gjorde var å irritere vettet av meg. Og her er nokre av grunnane til det:

1. Dei viktige kvinnene i boka, bortsett frå ho som gjev seg ut for å vere mann då, er kun viktige som objekt for den vetle, pretensiøse, drittsekken Kafka sitt begjær. Sjølv om dei potensielt kan vere søstra og mora hans så er det heile tida den vetle pikken som har styringa her.

2. Kva er poenget med Oshima sin androgynitet og blødarsjukdom? Androgyniteten er aldri viktig for historien og kvifor er den då i det heile nemnt? Blødarsjukdomen er kun ei unnskyldning for råkøyring. Ingenting av dette apellerer til meg i det heile tatt. Oshima virkar igrunnen mest som eit talerøy for Murakami sin “flinkisme” der han/ho spyr om seg med sitat og visdomsord om litteratur, musikk og livet.

3. Kva er poenget med scena med dei karikaterte feministane i biblioteket? Den gjev ingenting til historien og føles kun som om Murakami vil ha ei unnskyldning for å sei noko om kor teite han syns feministar er.

4. Kattedrapssceno og sexscenene med mulig mor og søster (ikkje samtidig, heldigvis ikkje samtidig): Æsj, æsj, æsj

5. Fiskeregnet: Kvifor i helsike? Igleregnet hadde iallfall noko å sei for historien.

6. Kafka sine beskrivelsar av alt han gjer. Får gubben i “Til stemorens pris” av Mario Vargas Llosa til å virke direkte avslappa på detaljbeskrivingsnivået.

Det er altså så mange ting her som ikkje har noko poeng for historien, iallfall ikkje noko poeng som eg kan sjå. Det er då eg kjem på Coleridge sin gamle uttalelse om “Suspension of disbelief“, og det går opp for meg at det er der eg har hovudproblemet med Murakami sin historie. Eg greier ikkje tru på den, og ein av grunnane til det er alle desse tinga som dyttar seg inn utan mål og meining, øydelegg verdsbygginga som alle historiar er avhengige av, og derfor får meg til å mistru heile historien. Når eg i tillegg etterkvart har komt til å hate Kafka sjølv ganske intens, så er det altså ikkje noko særleg håp for meg og Kafka på stranden.

Eg gav den eit terningkast to, pga. dei tinga som ikkje irriterte meg.

Eg likte gamle Nakata og lastebilsjåføren. Deira del av historien var iallfall verd å følge med på. Bortsett frå fiskeregnet då, det skjønnar eg framleis ikkje.

Så eg kan igrunnen ikkje anbefale denne boka til nokon. Eg veit at den er prisbelønt og alt det der, men eg trur ein må setje mykje større pris på pretensiøse metaforar enn eg gjer for å like den. Og ha mykje større toleranse for irriterande 15-åringar med overaktivt libido enn eg nokonsinne blir i stand til.

……

Etter å ha skrive dette las eg kritikkar på Goodreads og las høgt då eg kom til denne av Vanessa. Trur ho har mykje av samme følelsen for Kafka på Stranden som eg har.

 

Comments are closed.