Vindeltorn av Tone Almhjell

Vindeltorn gav me i gåve til ei av niesene våre før jul. Eit par dagar etter fekk me litt godmodig kjeft for å ha gitt henne ei bok som var så spennande at ho ikkje kunne legge den frå seg. Så snart tøtto var ferdig med boka fekk tanto låne den tilbake, til stor irritasjon for vetlatøtto sin bror som plutseleg oppdaga at han måtte vente med lesinga.

Noe er galt i det gamle huset familien til Lin har leid, det er hun sikker på. Klokkene tikker for sakte. Rosebedet er dekket av rim, selv i øsende regnvær. Og når en mystisk nøkkel merket «Vindeltorn» dukker opp, finner Lin en sprekk i kjellerveggen. En portal til en verden ved navn Sylver.

I dette snødekte riket bor alle døde dyr som en gang har elsket et barn. Lin blir til sin store glede gjenforent med Rufus, kjæledyret hun begravde under rosebusken. Men sammen må de finne den forsvunne Vinterfyrsten hvis de skal redde Sylver fra undergang.

De er ikke de eneste som jakter på gutten denne natten. I mørket lurer en mann med skyggemunn, klar til å sette klørne i den aller siste Vinterfyrste.

Og nieso vår hadde rett. Dette er ei veldig spennande og velskriven bok. Den er nok berekna på eit litt yngre publikum enn t.d. Odinsbarn som eg las for ei tid sidan, men eg trur likevel den kan ha stor apell for litt eldre ungdom og. 13-åringen og 15-åringen i vår familie klaga iallfall ikkje over at det var for barnsleg.

Tone Almhjell har bygd opp eit interessant parallellunivers bedyra av både gode og vonde tidlegare kjæledyr. Ho har også skrive ein spennande og litt uforutsigbar handling. Det er alltid godt med ei bok som overraskar litt.

Boka er avslutta slik at det er godt mulig å lage ei fortsetjing om det er det forfattaren ønskjer, men det står og godt på eigne bein og krev absolutt ikkje noko direkte framhald. Dersom dette blir ein serie så ser eg fram til å lære meir om andre delar av Sylver.

Eg koste meg som sagt voldsomt med boka og anbefalar den gjerne til både store og små.

Elles så koste eg meg også med å høyre Tone Almhjell diskutere norsk fantasy med Kristine Tofte og Tonje Tornes på Litteraturhuset i Bergen. Eg håpar dei og Siri Pettersen (forfattar av Odinsbarn) kan inspirere endå fleire norske forfattarar til å skrive fabelprosa, og då gjerne også science fiction.

Vi snakkar om norsk fabelprosa!!!!!

Comments are closed.