Farvel til Jon Bing

AzurDet var med tungt hjarte eg i går las at Jon Bing er død.

Jon Bing sin serie om bibliotekstjerneskipet Alexandria gav meg mine første og største bibliotekarheltar og ein evig draum om eit bibliotek mellom stjernene. Serien Blindpassasjer som han og Tor Åge Bringsværd stod bak på NRK skremte vettet av meg og fascinerte meg på ein gong. Han var forfattaren som stod bak nokre av mine første treff med det som framleis er favorittsjangeren min, og gjorde i lag med Tor Åge Bringsværd og Gyldendal forlag meg og mange andre ei stor tjeneste ved å gje ut serien Lanterne science fiction på 70-talet.

Også seinare var Jon Bing ein mann det alltid var verd å lytte til og lese der han uttalte seg om IT, samfunn og bibliotek.

Tusen takk, Jon Bing.

—————————-

PS! Det er absolutt verd å lese kva Eirik Newth skriv om Jon Bing i Aftenposten i dag.

 

Comments are closed.