Litt lesestatistikk frå 2013

Denne statistikkideen byrja naturleg nok med at eg oppdaga at eg las langt fleire mannlege enn kvinnelege forfattarar, og at alt for mange av bøkene eg las strauk på Bechdeltesten.

Så her er litt lesestatistikk frå 2013:

  • Eg las 52 bøker. Sidan eg er med for Les for ei God Sak 2013 så går det derfor kr. 520,- til Dyrebeskyttelsen, avd. Bergen og Hordaland og kr.520,- til Leger uten Grenser. Eg håpar summen blir høgare neste år.
  • 21 av bøkene hadde kvinneleg forfattar, 31 hadde mannleg forfattar. Så, ca. 40,4% kvinner og 59,6% menn. Med tanke på at eg likar science fiction og action generelt så er det kanskje ikkje så ille. Eg har likevel eit håp om å få endå betre balansje etterkvart. I fjor var over halvparten av bøkene av kvinnelege forfattarar, så målet får vere å komme dit igjen.
  • Eg las 50 skjønnlitterære bøker i 2013 og 44 (88%) av dei stod på Bechdeltesten. Dette er omtrent som i fjor.
  • Forfattarane mine kom frå 10 forskjellige land: USA, Great Britain, Malaysia, Lebanon, Norway, Somalia, South Africa, Iceland, Cuba og New Zealand
  • Bøkene fann stad i alle verdsdelar:
    – Europa: England, Frankrike, Spania, Norge, Italia, Sovietunionen (Russiland), Island.
    – Asia: Malaysia, Libanon, India
    – Afrika: Marokko, Somalia, Egypt, Sør-Afrika, Zambia
    – Nord-Amerika: USA
    – Sør- og Latin-.Amerika: Mayaområda i Latin-Amerika, Cuba
    – Oceania og Antarktis: New Zealand
    – Andre stader: Mjølkevegen, Solsystemem, Fantasyunivers, Pegasusgalaksen, Til sjøs
  • 50 av bøkene var skjønnlitterære, 2 var faglitterære.
  • Eg las 43 vaksenbøker og 7 ungdomsbøker.
  • Skjønnlitteraturen passa så nokonlunde inn i følgande sjangrar, og som de ser høyrer nokre av bøkene til i fleire sjangrar:
    – Science fiction: 26
    – Fantasy: 13
    – Krim: 6
    – Mainstream: 8
    – Historisk: 3
    – Romantikk: 4
    – Spenning: 28
    – Homolitteratur: 3
    – Space Opera: 9
    – Komedie: 1
  • 18 av bøkene var lånt på biblioteket, 16 kom ut av skal-lese-haugen og 29 blei lest på Kindle’n min. Det er litt overlapp i desse gruppene.
  • Eg las 31 noveller. Målet var 52, så det gjekk ikkje så bra.

Det blir interessant å sjå korleis det går i 2014.

Comments are closed.