Eva tar kjerringtesten

Dette er Julie sin feil! Det var hjå henne eg oppdaga kjerringtesten. Vi får sjå korleis det går.

Treff på 5 -10 kjerringtegn viser at du er i faresonen. 10 – 20 JA viser at det definitivt er fare på ferde, mens over 20 JA tyder på at du burde gått av med pensjon.”

Du er kjerring hvis…

  1.  Du brukar meir penger i veka enn i helgene: Niks. Hovudsakleg fordi det er i helgene vi gjer handlinga vår.
  2. Du har duk og blomsterpotte på TV-en: Niks. For det første ville det ramle ned av seg sjølv frå vår tynne TV (denne testen var tydeligvis laga i 2006 eller tidlegare), for det andre så riv kattane ned alt som ikkje alt har ramla ned, for det tredje så syns eg ikkje det er fint.
  3. Du ryddar jamnleg i frysaren: Nei. Kun når den er så tilfrosen at den må avrimast.
  4. Du høyrer på Nitimen: Går den enno?
  5. Du syns det kunne vore gøy å prøve “ein sånn hurtigvin”: Kva er det?
  6. Du veit kva du skal ha til middag på søndag allereie på onsdag: Nei. Eg veit knapt kva vi skal ha til middag på onsdag på onsdag. Det får no vere måte på planlegging.
  7. Du syns fersk gjær er betre enn tørr gjær: Ja, det er det.
  8. Du syns middag kl 19.00 er seint: Heime på kvardagar ja.
  9. Du har fem kassar med julepynt: Trur vi har 3, og Kristin er minst like skyldig som eg er.
  10. Du kjøper julepynt på sal i januar: Nei. Dei fine tinga er som oftast omsett før jul.
  11. Du snakkar heller med kvinner på fest: Ja. Men, som lesbisk så kan eg umulig få kjerringteikn for det, det måtte vere dersom eg snakka mest med menn.
  12. Du blir lykkelig over ein ny kjele: Dersom det er den eg vil ha.
  13. Du lagar pudding eller grateng av alle middagsrestar: Nei!
  14. Du et Kongen av Danmark eller Honningkamfer: Likar ingen av dei!
  15. Du et alltid rekecocktail til forrett: Absolutt ikkje.
  16. Du syns det er festlig med fiskekabaret: Syns det er gyselig med fiskekabaret.
  17. Du brukar dei broderte dukane som du har fått av svigermor: Trur ikkje svigermor har gitt oss broderte dukar. Strikkalabbar derimot, og dei brukar vi. Den einaste broderte duken i jamnleg bruk har eg brodert sjølv. (Å brodere sjølv er sikkert verd omtrent 50 kjerringpoeng, men det gjer eg blaffen i.)
  18. Du har ferdiglaga middagar med på påskeferie: Nei. Tar ikkje med ferdiglaga middag nokon stad. Einaste plassane som er verd å reise på påskeferie til er også plassar med masse restaurantar.
  19. Du syns dronning Sonja har mange artige hattar: Eh….? Dei har visst gått meg hus forbi.
  20. Du går med lysebrune nylonstrømpar til skjørt: Dei er ofte brune, men gjennomsiktige, så då tel det vel ikkje.
  21. Du har tellekant på trusene: Ja. Kristin syns også at det er rart.
  22. Du har bretta plastposar i veska i tilfelle du skal handle noko: Nei, men eg brettar plastposar og sparar dei til bruk som bossposar og slikt.
  23. Du sjekkar kølappen på polet kvar gong det plingar: Finst det framleis polkø og polkølappar?
  24. Du tar bilde av din praktfulle balkongkasse og viser det fram på jobben: Kun dersom bildet viser ein av kattane som forsyner seg grådig av det stakkars jordbærplanteofferlammet som vi kjøpte til dei på hagesenteret.
  25. Du syns det er for seint å gå på niar’n på kino: Nei. Hadde sikkert syns det om eg måtte vere på jobb kl.0600 om morgonen slik enkelte andre må.
  26. Du får såpe i julegåve: Trur ikkje det har hendt.
  27. Du plukkar bort støv og hår fra andre sine kle uten baktanker: Ja, og rettar på vaskemerker som stikk ut i nakken. Helst på folk eg kjenner godt, ikkje på framande eg treffer på gata.
  28. Du brukar samme tepose to gonger: Nei.
  29. Du har med pute når du skal køyre langt i bil: Nei, men det var jo eigentleg ein god ide.
  30. Du melder deg inn i bokklubben berre for å få kaffeserviset: Nei, absolutt ikkje.
  31. Du har våtserviettar i bilen: Nei, men burde ofte hatt.
  32. Du solar deg i vanleg BH: Det hender eg sit i sola på vår private altan i BH. Tel det?
  33. Du dansar swing til all slags musikk: Nei. Det har vel kanskje noko med at eg ikkje kan danse swing.
  34. Du sym som ein hund for ikkje å bli våt i håret: Nei. Skal eg sømje så skal eg også dykke under vatnet. Og hoppe frå svaberg.
  35. Du kjøper “gode” sko: Helst både pene og gode. Eg kjøper ikkje stygge sko.
  36. Du har paraply i handveska: Ja, i sekken. Handveske brukar eg ikkje til dagleg. Halvt kjerringpoeng muligens.
  37. Du tar sjølv initiativ til slektsstevne: Nei, men eg deltar gjerne.
  38. Du tar vare på tomme rømmeboksar og syltetøyglass: Nei.
  39. Du brukar sukkerbit til kaffien: Nei.
  40. Du serverer fyrstekake, rullekake, smurt lefse eller smultringar når du inviterer til kaffiselskap: Nei, eg syns det er kjekkare å prøve nye kakeoppskrifter. Dessutan så likar eg verken fyrstekake eller smultringar noko særleg.

 

7 kjerringteikn! Litt i faresonen altså, men ikkje langt over. Får prøve igjen om nokre år.

Comments

Eva tar kjerringtesten — 2 Comments

  1. Du må rekne eit halvt poeng til. Meiner å hugse me fekk såpe i presang i vår ungdom. (Eg endte forresten opp med 5 kjerringpoeng men så er eg jo eit år yngre…)