Ho tok av seg blusen og sa ho var bibliotekar

Ho tok av seg blusen og sa ho var bibliotekarDenne boka går som ein bitteliten farsott på norske bokbloggar for tida. Det var ikkje meininga å bli “in”, det berre skjedde. Men for ei søt lita bok å la det skje med!

Tittel: Ho tok av seg blusen og sa ho var bibliotekar
Forfattar: Bjørn Sortland

Forlag: Piggsvin
Sider: 205
Først publisert: 2012

Sjanger: Kjærleik, m/bittelitt krim
Terningen landa på: 5

Ho tok av seg blusen og sa ho var bibliotekar er ein roman om ugifte Ivar. Han er både fundamentalist og ekstremist. Ikkje berre trur han på den absolutte kjærleiken, han trur på ekteskapet også. Kosta kva det kosta vil.

Først tittelen: Den er jo berre så utruleg søt. Samtidig så er eg bibliotekar og rødma litt då eg sette denne på utstillingshylla på biblioteket mitt. (Det hjelpte jo heller ikkje at dama på framsida er ganske så sexy.)

Heile boka er igrunnen ganske så nusseleg (eg prøver no desperat å unngå å bruke “søt” for tredje gong), sjølv dei litt nifse bitane mot slutten. Det er både morsom og litt vemodig å lese om einsame kjærleiks- og ekteskapssjuke Ivar og måten han prøver å nærme seg Sonya på. Når ein er så erfaringsfattig på damefronten som Ivar er, så blir alle inntrykk veldig sterke. Og det er jo heller ikkje slik at Sonya kjem utan ei fortid.

Dette er inga lang bok, faktisk så er den mykje kortare enn talet på sider kan tyde på. Kapitla er korte, på 2-5 sider og boka er krydra med Øyvind Torseter sine herlige små skissar. Den har heller ingen lett forutsigbar historie. Ein trur ein veit kva som vil skje, men det stemmer ofte ikkje.

Gode greier!

Comments

Ho tok av seg blusen og sa ho var bibliotekar — 3 Comments

  1. Pingback: Nevrotisk nynorsk-kjærleik med forviklingar « Mammaen og havet