Vis meg ditt bokmerke…

For nokre dagar sidan tok Tones bokside for seg bokmerka sine, og oppfordra oss andre norske bokbloggarar til å gjere det samme. Kikk i kommentarfeltet der for å sjå kven andre som har bidratt.

Eg brukar alltid bokmerke av ein eller annan sort. Eg kan ikkje fordra eseløyrer og eg tar alltid lause omslag av bøker eg les, så då er eit bokmerke det einaste som gjenstår. Som oftast er det eit ordentleg bokmerke, men nokre gongar også kvitteringar, ein tråd eller anna brukbart som ligg tilgjengeleg. Nokre bokmerke, mellom dei mitt elskade Kingfisherbokmerke frå Australia, har blitt pensjonert pga for stor slitasje. Eg har dei enno i ein pose med mange andre fine bokmerke som har blitt brukt opp gjennom åra,.

Her er nokre av dei mest brukte no om dagen:

bokmerke

  1.  Bokbåtbokmerket mitt har både katt og bokbåt…..treng eg sei meir?
  2. Dewey summerer nokså perfekt opp mykje av mi haldning til yrket mitt, og han klarar å vere ironisk samtidig. Herleg.
  3. Dette gav Kristin meg til jul for nokre år sidan. Det forandrar seg etter kva vinkel du ser det i frå. Bokmerke med hjerte frå kjæresten, kva meir kan ein ønskje seg?
  4. Dewey igjen, bibliotekarhelten….
  5. Finst det noko meir perfekt bokmerke for den som pendlar med buss fram og tilbake til jobb?
  6. Det er berre morsomt.

 

Comments

Vis meg ditt bokmerke… — 2 Comments

  1. Pingback: Vis meg ditt bokmerke…

  2. Fin samling, hyggelig at du ble med! 🙂 Nummer 5 har jeg hatt en gang i tiden jeg også, tok buss til og fra universitetet i flere år, så det passet jo veldig godt, hehe. Artig!