Novellesamlinga We never talk about my brother av Peter S. Beagle levde så absolutt opp til forventningane som første novella skapte.
I løpet av boka er vi innom ein engel som vil vere muse for ein malar, ein nyhetsreportar som eigentleg er ein dødsengel, ein uvis konge, ein hyggeleg amerikansk bibliotekar som gradvis blir ein ekte franskmann, ei einhjørningsjakt, ballspel i gata, ei kvinne med mange former, ein mann som blir alvedronninga sin elskar, eit møte mellom individ av forskjllig rase i ei framand verd og ein poetisk duell.
Kvar einaste forteljing hadde si setting og sin eigen stil. Eg har ikkje lest noko anna av forfattaren før, men eg ser godt at eg må ut og sjå om eg kan få tak i andre bøker av Peter S. Beagle.
Elles masse skryt til Bergen Off. Bibliotek som responderte på eit lesarønske med å kjøpe inn novellesamlinga. Også takk til den bloggaren som skreiv om boka slik at eg blei inspirert til å lese den, kan berre ikkje hugse kven det var.
Andre har også lest boka:
Graeme’s Fantasy Book Review
io9
Fantasy Magazine