Kjøping og lesing og slikt

Denne lista har vandra rundt i bokbloggoverset ei stund, og i dag henger eg meg på. Eg har sett den på bloggane Bøker, boller og sukkerspinn, My first, my last, my everything!, Ebokhylla mi Flukten fra virkeligheten og Silje skriblerier.

Er du heilt besatt av å kjøpe bøker?
Nei, eg var nok verre før. Det betyr ikkje at eg ikkje kjøper bøker, men eg prøver å begrense meg litt. 

Når, kor og kor ofte kjøper du bøker, og pleier du å handle sammen med nokon eller aleine?
Eg kjøper bøker når eg kjem over noko som eg berre “må ha”, eller som eg ikkje reknar med at dukkar opp på eit norsk bibliotek. Eg handlar mest på nett, men også litt i bokhandlarane her i Bergen. Av og til er samboaren min med, men ikkje alltid.

Kva er det som gjer at du blir lokka av ei bok?
Gode kritikkar, forlagsomtale som gjer meg interessert, kul framside, forfattar eg er glad i, nominering til diverse prisar.

Er det en spesiell sjanger du likar betre enn andre?
Science fiction. Eg likar mykje anna og, men dersom eg skulle måtte velge ein sjanger å lese innan resten av livet så hadde det blitt science fiction.

Nye eller brukte bøker?
Nye. Antikvariat virkar ikkje forlokkande i det heile tatt. Medan eg framleis var skuleelev/student så kjøpte eg brukte bøker i rein pengenaud, det var jo ikkje alt som var å få tak i på biblioteket, men no lånar eg på biblioteket eller kjøper nytt.

Kor mange pengar syns du det er greit å bruke på bøker i månaden?
Eh, veit ikkje heilt. Nokre hundrelappar er greit.

Har du nokon sinne hatt bokkjøpstopp eller bokkjøpbegrensning?
Ja, det har ikkje alltid gått like bra. 

Når du har kjøpt ei bok – kor lang tid tar det før du les den?
Alt frå 1 sekund til resten av livet. Skal-lese-haugen er høg, og enkelte bøker har ein tendens til å bli skyfla nedover i den fordi at nye og meir interessante ting dukkar opp. Då “Song for Eirabu 2” kom inn døra for kort tid sidan så hoppa den elegant forbi alt anna i køen. 

Billige eller dyre – innbundne eller paperback?
Ja takk. Og e-bøker. Eg har mest paperback heime, sidan innbundne bøker har gjerne vore for dyre. Mislikar og veldig dei lause omslaga på mange innbundne bøker. Syns det er noko tull, og fattar ikkje kvifor dei gjer det slik. Dei er også tyngre, og mindre reisevennlige enn paperback. No for tida kjøper eg mest e-bøker, men det blir ei og anna papirbok og.

Comments

Kjøping og lesing og slikt — 1 Comment

  1. Flotte svar:) Vil si du er en fornuftig bok kjøper, virker ikke som du går helt av hengslene og det er jo bra. Kanskje jeg har noe å lære av deg:) Kos deg med “Song for Eirabu 2″ og ha en flott dag!:)