Eg syns eigentleg eg les ganske lite for tida, men ein kikk i leseloggen min viser at situasjonen iallfall er mykje betre enn for nokre år sidan.
Så her kjem ei lita oppsummering av lesinga frå dei siste månadene, med korte kommentarar og lenker til bloggpost på ASVbib-bloggen eller boka på Bokelskere.no:
- Graceling av Kristin Cashore – god fantasybok med skikkeleg tøff kvinneleg hovudperson.
- Full pott i hjerter av Svein Børge Hoftun – grei nok ungdomsbok
- Steffen tar sin del av ansvaret av Christian Støre Valeur – ganske morsom bok om ung mann i eksistensiell krise, minner litt om Naiv.Super og anna av Erlend Loe.
- Noe i meg er sterkere enn jeg av Astrid Høgevold – sterk sjølvbiografisk historie om å ha anoreksi.
- Tatt av kvinner (Eon 5) av Lars Lauvik – Eon er min favoritteikneserie, eg berre elskar denne spinngalne gjengen.
- Nervous conditions av Tsitsi Dangarembga – veldig god oppveksthistorie frå 1960-talets Rhodesia, no Zimbabwe.
- Opp i flammer / Catching Fire av Suzanne Collins – storveges god oppfølga av Dødslekene / The Hunger Games.
- The Blue Girl av Charles de Lint – god ungdomsfantasyroman. Eg likar Charles de Lint og bør lese meir av han.
- Song for Eirabu – Slaget på Vigrid av Kristine Tofte – veldig god fantasyroman på nynorsk med norrøn setting.
- The Gone-Away World av Nick Harkaway – strålande science-fiction-, oppvekst-, krig-, kjærleik- og vennskapsroman. Diggar denne.
- Even Money av Dick Francis – plukka opp i sydenhotellet si gjengløymte-bøker-hylle. Grei nok ferielektyre, ein veit stort sett kva ein får når ein les Dick Francis.
- The Name of the Wind av Patrick Rothfuss – fantasyhelteroman som får eit litt anna uttrykk sidan det er “helten” sjølv som fortel. Første i ein serie, bra førstebok så eg kjem nok til å følge med vidare.
- The Ask and The Answer (Chaos Walking 2) av Patrick Ness – syns ikkje denne var like god som førsteboka “The Knife of Never Letting Go“, men så syns eg ogsa at den første var veldig god. Kjem nok til å halde fram med å følge serien og bloggar nok litt om bok 2 på ASVbib etterkvart.
- Bone 3 – Åndesirklene av Jeff Smith. God avslutning av Bone-serien. Flotte teikningar, interessante personar og spennande historie.