Ferieobservasjonar

Me er nett tilbake frå mitt livs første charterferie, og eg har ein del observarsjonar om både charteferie og ferie generelt:

  • Charterfly er pyton. Innreidd med dårleg plass mellom seteradene til 50-minuttars innanlandshopp og sendt avgarde på 5-6 timarsturar. Urg!
  • StarTour passar godt på sine reisande, og det er igrunnen greit å vere sau, så lenge ein ikkje må vere det heile tida altså.
  • Det er kjekt å bu på gode hotell med stor veranda, fint basseng og solstolar alle vegar.
  • Det er utruleg deilig å ha folk som gjer reingjeringa for seg. Ønskesuvernir frå Gran Canaria: Carmen – som til og med stilte opp bøkene våre på ein ryddig måte.
  • Playa del Inglés og Maspalomas har flotte sanddyner, strender og eit handlesenter med røroskyrkja på taket, men elles er det mest hotell og slikt og ikkje så mykje å sjå på.
  • Matforgiftning er ikkje kjekt i det heile tatt.
  • Gran Canaria har mykje flott å sjå på og bussjoførar som eg bøyer meg i støvet for.
  • Øyturguidane (dansk og svensk) snakka ei salig blanding av svensk og dansk og gjekk – truleg med rette – utifrå at nordmennene skjønte det meste.
  • Spanske vegvedlikehaldsarbeidarar er flokkdyr som alltid rører seg 5-6 i følge (døme: 2 spar sand, 2 køyrer trillebørene og tømmer ut sanden, 1 ser på).
  • Verken Kristin eller eg kan prute.
  • Det finst ein småforfylla og dårleg til beins eldre irsk herre som syns eg er veldig pen. Slikt er jo alltid kjekt.
  • Homseparspotting er ein interessant aktivitet for lesbepar på tur. På vårt hotell var det stort sett 45%/45% av middelaldrande til eldre tyske heteropar og homsepar frå litt diverse land, dei resterande 10% var enslige frå forskjellige land (mange homsar), ca 2 ungar og 1 lesbepar frå Norge (oss). Stort sett jobba gaydarane våre overtid i heile Playa del Ingles og var fullstendig tause på øyturane. Vi observerte ikkje eit einaste sikkert anna lesbepar, dessverre. Ding, ding, ding…!
  • Vi kjøper mykje meir brennevin enn vi drikk!
  • 20-25 grader er ein deilig temperatur.
  • Folk som foretrekker å vere på sightseeing eller lese i skyggen blir ikkje så veldig brune i syden. Tyskarane har tydeligvis andre preferansar. Vi var dei bleikaste på hotellet, men ikkje spesielle på flyet heim.
  • Å forlange at nokon må stå opp kl.0515 om morgonen for å nå flyet heim bør falle inn under FN sin torturdefinisjon og dermed vere forbudt. Å stå opp på same tid for å nå flyet TIL ferien er ei heilt anna sak.
  • Å spele eigne karaoke-cd’ar for passasjerane dine bør vere oppsigelsesgrunn, spesielt når klokka er 0600 og du heller ikkje syng reint! Å samtidig søke bekreftelse med stadige “good, eh?” burde vere grunnlag for erstatningssøksmål!
  • Feriar er utmerka lesetid, det burde vere meir av slikt! Bøkene blir nok omtalt på ASVbib-bloggen etterkvart
  • Ei vekes ferie er for lite, men betre enn ingenting.

Feriebilda på Flickr (i ubehandla form)

Comments are closed.