Trist og litt glad

Dei fleste dagar klarar eg å la all verdas dårleg nytt skylle over meg utan å bli personleg oppskaka over det. Skulle eg ta alt ille som skjer inn over meg hadde eg alltid gått rundt med tårer i augene, men som sagt er eg som oftast i stand til å halde på mitt forholdsvis gode humør.

Men ikkje alltid….
– I dag har eg lest om Taliban sin krig mot utdanning, og spesielt utdanning for jenter i Afghanistan og Pakistan. Fleire hundre jenteskular og ein del gutteskular har blitt bomba i området dei siste åra. Alle blir sjølvsagt redde, elevane, lærarane og foreldra, og resultatet er at jentene ikkje får gå på skule. Det har også vore angrep på universitetet i Islamabad og på kvinner generelt. Etter mi meining er ikkje-religiøs utdanning for både kvinner og menn noko av det viktigaste ein kan gjere for å få eit samfunn til å bli betre for alle, så eg syns dette er utruleg tragisk. Ikkje stort eg kan gjere bortsett frå å støtte ikkje-religiøse organisasjonar som jobbar for at jenter og gutar overalt skal få tilgang på utdanning.

– I Maine har dei nett stemt nei til kjønnsnøytral ekteskapslov. Igjen vil majoriteten at rettane til dei heterofil skal vere spesielle. Det er ikkje slik at homofile ber om særbehandling, berre likebehandling. Igjen er det ikkje stort eg personleg kan gjere anna enn å skrive bloggpostar og elles framstå som eit eksempel på at homofile ikkje er noko særleg særare enn heterofil, og Norge kan fortsetje å vere eit eksempel på at eit land med ei kjønnsnøytral ekteskapslov kan fungere heilt fint.

– Det har igjen vore ein massakre der ein person (stort sett alltid menn….?) har skote rundt seg og skada og drept masse folk. Kva er vitsen? Eg forstår det ikkje!

– Har det vore noko sjølvmordsbombing i dag? Eg veit ikkje, det er så mange av dei at dei går litt i eitt.

Heldigvis skjer det fine ting i verda og.
– Nokon tar vare på ein elles frisk liten hundekvalp som er fødd utan framføter, og dei prøver å lage ei slags protese til henne.
– Ei dame i Sør-Korea har endeleg greidd teoriprøven til førarkortet, på det 950-forsøket. No står berre den praktiske prøven igjen. Eg håpar at dama er ein betre praktikar enn teoretikar, elles kan trafikken i Sør-Korea verte ekstra farleg i lange tider frametter. (Dersom ho køyrer like livsfarleg som Else i Pondus så er det iallfall ikkje trygt å vere i nærleiken av henne.)

Comments are closed.