Brownies med bringebærkrem – eit forsøk på matblogging

Eg er heilt ute av stand til å følge ei matoppskrift slavisk. Det blir, uansett kva for gode intensjonar eg startar med, berre tilnærma. Av og til kan det knapt kallast tilnærma ein gong, meir “inspirert av”.

Uansett… I går kveld laga eg brownies med bringebærkrem, som er tilnærma dei som Storemyras Matblogg presenterte for ei stund sidan.

Brownies with raspberry creamTilnærminga består i:
- Å bruke Toro sin browniesmix istadenfor å lage brownies frå bunnen av. Veldig tidsbesparande når du har litt for dårleg tid. Det er grunnar til at eg og nokre andre eg kjenner nokså konsekvent omtalar Toro som “Toro vår venn”. (nei, eg er ikkje sponsa).
- Å bruke halvparten så mykje krem slik at bringebærsmaken på den blir kraftigare, sjølv om ikkje alle bringebæra gjekk i kremen.
- Å stryke eit lag av bringebær oppå kakene før kremen kom på. Litt ekstra bringebærsmak skadar aldri. (Eg har igrunnen samme haldninga til lime, til advarsel for dei som syns ting fort blir for sure).
- Å skjere opp browniesane (her kom eg i grammatikalsk tvil om bøyning av brownies…, nokon som kan hjelpe?) før eg la kremen på. Å skjere opp brownies og få dei ut av langpanna med utsjånaden nokonlunde intakt overgår langt mine motoriske evner, og å gjere det etter at kremen var komt på var iallfall ikkje å tenke på. Eg ønskjer meg ei lita langpanne med avtagbare sider, eg veit dei finst.

Konklusjon: Dette var godt og kan godt prøvast igjen, då med ein ambisjon om “laga frå grunnen av” brownies. Resten av tilpasningane trur eg det er verd å halde på. Gjestane klaga ikkje, og sidan eg dilla rundt med kamerainstillingar (ikkje heilt nøgd med dei) og tok bilde av praktverket då dei kom, så svevde ordet matbloggar gjennom lufta. Tone, denne bloggposten er din feil.

Comments

Brownies med bringebærkrem – eit forsøk på matblogging — 3 Comments

  1. Dette såg skikkeleg knall ut…sjølv om det nok hadde vore enno bedre med heimelaga brownies;o) Å ikkje følge oppskriftene slavisk er ein veldig god eigenskap, det viser at ein har føling med maten, kan improvisere og er eit teikn på at ein passar på kjøkkenet:o) Det hadde ikkje blitt mange nye matrettar om alle oppskrifter bleir fulgt slavisk!! Eg synest du har gjort god ære på browniesane mine!!
    Klem Line