Sjokk

For nokre år sidan verserte det ein reklame for VG der ein papegøy sa “VG er en drittavis!“. Deretter kom det ein eksplosjon, og ein ganske rufsete og sotete papegøye endra visa si til “VG er en dynamisk avis. Dynamisk. Aaarrrk..” Min konklusjon etter litt søking i Atekst er at “VG er ei SJOKKERT avis!”.

For å demonstrere trunkert søk til mine kursdeltakarar testa eg eit søk i overskrifter og ingressar for ein del norske aviser dei tre siste åra. Testordet var *sjokk* (gjev treff på alt med “sjokk” i) sidan eg hadde ein vag mistanke om at enkelte aviser er meir lettsjokkerte enn andre.

Mistanken blei bekrefta. VG hadde 848 sjokk i overskrifter og ingressar i denne tida medan Aftenposten (714) og Dagbladet (517) var dei neste på lista. Eg testa og kor “skandaliserte” regions- og rikspressa er, og her er konklusjonen at Aftenposten med sine 504 skandalar stikk av med ein knepen seier over VG (501). Dagbladet med sine 361 skandalar blir ein lillebror i denne klassen.

Dagens ikkje-særleg-sjokkerande hovudkonklusjon er at Oslofolk i den såkalla rikspressa (de veit den som syns alt utanfor dei sentrale austlandsområda knapt er verd å nemne) er eit sart folkeslag. Den minste lille ting fører til sjokk og skandalar. Regionsavisene er mykje meir robuste, der er det trøndarane i Adresseavisa som stikk av med seieren med 474 sjokk og 214 skandalar, litt mindre sindig enn ryktet vil ha det til. Bergens Tidende med 301 sjokk og berre 130 skandalar kjem langt nede på lista.

Comments

Sjokk — 1 Comment