Eg legg alltid merke til det når dei rapporterer om ein ny skogbrann i California. Det er så rart med det når ein har folk ein er glad i i faresonen. Eg legg for den del også merke til jordskjelvmeldingar av samme årsak.
Som oftast er mine folk langt utanfor faresonen, men i år er det deira område som er ramma. Dei bur nett over senga midt på bildet. Glenda og familie sitt hus er inne i evakueringssonen, medan Mum og Dick sitt hus framleis er ute av evakueringssonen. Det er imidlertid berre 6 kvartal opp til evakueringsgrensa, så det følest ikkje så veldig trygt.
View Los Angeles County-area fires near Mount Wilson, La Canada Flintridge, Altadena, La Crescenta, Glendale, Pasadena, Acton, Agua Dulce in a larger map
Denne bildeserien kan jo gje ein peikepinn om forholda. Skulle ønske vi kunne sende halvparten av regnet vårt bortover, det hadde nok vore betre for både dei og oss. Elles så er det som vanleg folk som nektar å evakuere…eg har forsåvidt ikkje så mykje imot at nokre toskar set seg sjølv i fare, men når dei så finn ut at dei må ut likevel så er situasjonen så ille at dei set mange andre i fare. Sukk.
Time Lapse Test: Station Fire from Eric Spiegelman on Vimeo.