Heldigvis ingen DADT i Norge

Eg sit her og blar i Blikk. Langt bak bladet har dei nokre sider med nytt om namn – bursdagar, ekteskap og nyfødde, akkurat som i andre blad.

Bildet som gjorde meg ekstra glad er bryllaupsbildet til David Friedemann Strunck og Steinar Granmo Nilsen. Dei har nett gifta seg på Akershus festning og Steinar er i full uniform. Ingen DADT (don’t ask, don’t tell) i Norge!

Eg har også lest partileiarane sin svar på homospørsmål i samme Blikk, og har blitt endå meir overtydd om at FrP og eg ikkje passar saman. (KrF ville ikkje eingong stille opp, så det seier vel sitt…)

Comments are closed.