Eirabu

Ida Jackson posta ei utfordring til Internett om å redde Song for Eirabu. Den første boka i serien kom ut for eit par år sidan, fekk mykje god omtale, men selde ikkje stort. Den andre og siste boka kjem ut til sommaren, men blir trykt i eit veldig lite opplag. Utfordringa gjekk rett og slett ut på å redde Song for Eirabu med å forhåndsbestille bok 2 og sjølvsagt kjøpe bok 1 dersom du ikkje hadde den frå før. Ser i dag at bok 1 er midlertidig utseld på Capris, så aksjonen virkar tydeligvis.

Eg las førsteboka då ho kom ut, og likte den veldig godt. Men, som så mange andre så hadde eg eit bibliotekeksemplar. No er bok 1 bestilt og på veg til meg (håpar eg) og bok 2 er forhåndsbestilt.

Song for Eirabu er så bra at ho fortjener å bli kjøpt!

Comments

Eirabu — 5 Comments

  1. I grunnen lurer eg på om forlaget har forståt KOR bra boka er, og korbra potensialet for sal utanlands burde vere? Trur Samlaget har litt for lite kompetanse på fantasy, den verkar totalt underseld på meg…

    • Ja, det virkar på mange måtar som dei har gitt opp før boka kom ut.
      Godt at Kristine Tofte sukka litt på sin blogg slik at vi blei merksame på at salget av bind 1 hadde vore dårleg, og at Ida Jackson tok opp ballen.