Litteraturmål 2011 – månadsskiftet oktober/november

Det ser ut til at eg heldt fram med å lese ca. ei bok i veka, så i oktober har eg lest 5 bøker. Slik står det altså til med lesemåla for 2011

1. Begynne på bøker i skal-lesast-haugen: 1 av 5 denne månaden. Ja, ja.
2. Sjå mindre tv og lese meir: Eh, tja.
3. Lese minst 2 novellesamlingar: Ja, no er det lesemålet nådd for året. Har likevel tenkt å lese fleire noveller i år.
4. Lese nynorskutgåvene av Hobbiten og Ringdrotten: Ikkje enno. Byrjar å ane at dette målet ikkje kjem til å bli oppfylt.
6. Ikkje la vente-på-blogginnlegg-bunken min bli høgare enn 2 bøker: Akkurat no er det 2 bøker i den, så no må eg skrive om dei før den veks seg høgare.
7. Lese minst ei bok med handling frå kvar av verdsdelane og nokre med handling frå andre planetar: Check!
8. Lese dei bøkene eg har lyst til å lese og ikkje la dei vike plassen for bøker eg føler at eg bør lese: 4 av 5 var berre lyst, den siste litt plikt.
9. Halde fram med å lese mest mogeleg på engelsk: Alt på engelsk i oktober.
10. Syte mindre til mi kjære over kjedeleg språk nesten kvar gong eg les ei skjønnlitterær bok på bokmål, det er ikkje hennar feil at ho er oppvaksen i Bergen: Ingenting på norsk og derfor sytefritt.

Comments are closed.