The Night Circus – bokomtale

The Night Circus by Erin MorgensternTittel: The Night Circus (Nattens Sirkus) (Norsk utgåve er venta tidleg i 2012)
Forfattar: Erin Morgenstern

Forlag: Vintage digital
Utgåve: Kindle
Sider: 400
Først utgitt: 2011

Sjanger: Fantasy
Terningkast: 6
Las eg heile?: Ja, ja, ja!
Likar du omslaget?: Ja

Kort oppsummering: Historien om folka på og rundt Nattens Sirkus, det mest fantastiske sirkuset i heile verda og også åstaden for ein pågåande konkurranse mellom to mektige magikarar.

Du veit dei bøkene som du ikkje har lyst til å komme til slutten på fordi du har lyst til å halde fram med å lese dei? Dei bøkene som du prøver å lese sakte for å nyte dei betre medan du samtidig har lyst til å skynde deg for å finne ut kva som skjer? Dersom du er ein lesar, så har du nokre slike bøker i samlinga di. The Night Circus er ei av dei bøkene.

Eg elskar historien, den er annleis enn noko fantasy roman som eg har lest før.
Eg er forelska i personane, dei fleste iallfall.
Men, mest av alt er eg forelska i språket. Det er drømmeaktig og hypnotiserande, heilt perfekt for ei forteljing om eit magisk sirkus (og folka på og rundt det) som berre er ope om natta.

Den norske utgåva er venta i januar 2012. Dersom omsetjaren har greid å ta vare på Erin Morgenstern sitt magiske språk så kan de alle gle dykk.

Erin Morgenstern les frå The Night Circus

Comments

The Night Circus – bokomtale — 5 Comments

  1. Jeg er akkurat ferdig med denne på lydbok.

    For å starte med det jeg likte best – jeg elsker omslaget. Det er fantastisk.

    Rammene rundt historien er ganske magisk – og jeg er ikke en gang så glad i sirkus. Men så er ikke alle sirkus som dette heller…. Jeg var nok ikke like begeistret som deg, men at det er en annerledes fantasyroman – det er det.

  2. Gleder meg til å begynne på denne :) Hadde det ikke vært for at jeg alt har kjøpt boken, ville jeg ha gjort det nå. Du overbeviste meg også.