Litteraturmål 2011 – 4. statusrapport

Etter fire månader står det slik til med lesemåla for 2011. Aprillesinga var sterkt prega av ferietur med Kindle i bagasjen.

1. Begynne på bøker i skal-lesast-haugen: Bortsett frå “Don’t be such a scientist” blei alle bøkene i april lest på Kindle’n min, så ingen frå den irriterande haugen
2. Sjå mindre tv og lese meir: Absolutt, det er ein av dei greie tinga med å vere på ferie.
3. Lese minst 2 novellesamlingar: Ferdig med ei, men ikkje begynt på neste enno. Las ingen noveller i april.
4. Lese nynorskutgåvene av Hobbiten og Ringdrotten: Ikkje enno
6. Ikkje la vente-på-blogginnlegg-bunken min bli høgare enn 2 bøker: April har vore prega av ferie og alle bøkene blei derfor tatt i ein samlepost. Så, haugen vart nok litt høg. No er det ingen i haugen.
7. Lese minst ei bok med handling frå kvar av verdsdelane og nokre med handling frå andre planetar: Tidlegare i år har eg vore innom Nord- og Sør-Amerika, Europa, Asia og ein annan planet. I april kom også Afrika på lista, så no manglar eg berre Oceania.
8. Lese dei bøkene eg har lyst til å lese og ikkje la dei vike plassen for bøker eg føler at eg bør lese: Alle var “lyst” denne månaden, og dei fleste var ganske gode.
9. Halde fram med å lese mest mogeleg på engelsk: Denne månaden var alt på engelsk, akkurat som forrige månad.
10. Syte mindre til mi kjære over kjedeleg språk nesten kvar gong eg les ei skjønnlitterær bok på bokmål, det er ikkje hennar feil at ho er oppvaksen i Bergen: Alt var på engelsk, så ho slapp lett unna i april og.

Comments

Litteraturmål 2011 – 4. statusrapport — 2 Comments