I dag har vi vore i bursdagsselskap til ei av niesene våre. Som vanleg i vår familie så er bursdagsselskap bråkete affærer med ørten samtalar på gang fleire stader i huset og 8 småfolk som fyk rundt omkring.
I dette kaoset hadde ein eller annan klart å plassere ein liten stabel plastasjettar på komfyren, og ein eller annan klarte etter det å skru på 3 av platene i komfyren. Situasjonen blei heldigvis redda med masse smelta plast på komfyren og røyk med interessant lukt i kjøkkenet og stova. Ingen flammar.
Ein av dei tre hovudmistenkte fekk etterkvart spørsmål om ho hadde sett kven som skrudde på platene. Det hadde ho – det var eit stort, mørkt monster. Saka er rekna som oppklart, all plasten er fjerna frå komfyren og nokre eingongs plastasjettar er takka av etter ca 3 års og fleire bursdagsselskaps tjeneste.