Eit lita bokoppsummering (eh, kanskje ikkje så lita…)

Frekvensen av bokomtalar på denne bloggen får det til å sjå ut som om eg ikkje les bøker i det heile tatt, men det gjer eg altså. Siste bokomtalen på Tanz var 13.februar, så eg har litt dårleg bloggesamvit å gjere opp for.

Myren av Arnaldur Indridason

Eg les nokså lite krim, men ei og anna krimbok blir det likevel. Myren foregår i Islandsk gråvér (ikkje vulkanaske…), har eit mysterium som går heilt tilbake til 60-talet, ein sliten middelaldrande detektiv (av den sorten eg er litt lei av) og er faktisk veldig bra.


Foten veit av Marry, prinsesse av Europa

Kongen, Marry sin far, blir snikmyrda. Marry og mora sørgjer sjølvsagt over han. Sidan ingen veit kven som drap han er det også sjølvsagt fare for livet til Marry. Ho må få seg livvaktar og lære seg sjølvforsvar, noko som kjem godt med. Boka er spesiell, og det er tydeleg lett å få sterke meiningar om den. Eg syns den var fabelaktig god og likte også teikningane godt. Elles så er det alltid kjekt å lese bøker på nynorsk.

Som sagt så har folk delte meiningar om den: Elis lesebabbel, Ine Marit, Bokmerker.org

Landet under isen av Lars Mæhle

I fjella bak Smalvik ligg det ein stor isbre. Opp frå den veltar det svart røyk (nei, det er ingen vulkan) som dekkar heile den vesle staden. Frå Smalvik har det også forsvunne fleire personar dei siste åra. No har det blitt funne beinrestar etter 4 personar og kriminalpolitiet kjem for å etterforske saka. Herifrå får me to parallelle forteljingar, den eine med førstebetjent Jerstad i Smalvik og den andre med ungdommane som forsvant eit år tidlegare. Etterkvart nærmar historiane seg i tid og smeltar saman til ei forteljing.

Eg syns dette var ei bok som ikkje levde opp til potensialet sitt.
Dessverre.

And another thing… av Eoin Colfer

Douglas Adams rakk å skrive 5 bøker i serien Haikerens Guide til Galaksen før han døydde, men følte at han burde skrive ei til. Sidan Douglas ikkje kunne gjere den jobben har Eoin Colfer overtatt og resultatet er And another thing (tittelen er tatt frå ein setning i bok 3 i den opprinnelege serien).

Eg var litt skeptisk til at ein annan forfattar skulle halde fram denne serien, men syns at resultatet blei ganske bra. Mange er einige med meg, men ikkje alle: Grasping for the Wind, The Independent, Techland, The Guardian, i09 og About.com.

Carrington-katastrofen av Kjetil Johnsen
Carrington-katastrofen (orddelinga med bindestrek er ikkje min feil!) er bok nummer 2 i serien Den 4. parallell av Kjetil Johnsen. Den første boka om Emma som kan reise mellom forskjellige dimensjonar heiter Lasarusfenomenet.

Eg syns begge bøkene er bra, men den første litt betre enn den siste.
Neste bok i serien kjem til hausten ein gong, og eg reknar med at den blir like spennande som dei to første bøkene.

A princess of Landover av Terry Brooks

Då Ben Holiday for mange år sidan kjøpte det magiske kongedømmet Landover ante han ikkje at han ein gong kom til å få ei tenåringsdotter med alle dei fakter som tenåringar ofte har. Mistaya er nett utvist frå den prestisjetunge skulen Carrington Womens Academy. Det er lite populært i vår umagiske verd å bruke magi for å gjere opp med dei ein ikkje likar, og det er lite populært hjå kongar at prinsesser vender heim fordi dei er utvist frå skulen og ikkje har nokon intensjonar om å vende tilbake til den verda som kongen kjem frå. Ben veit ikkje kva han skal finne på og det gjer ikkje Mistaya heller. Alle samtalar dei imellom fører til misforståingar og sinne og ting går slett ikkje bra. Ting blir ikkje betre når verdas mest avskyelige friar kjem til slottet og ikkje blir kontant nok avvist av kongen. Mistaya stikk av heimafrå og ho møter ein katt…

Dersom ein ikkje har lest resten av Terry Brooks sine bøker frå Landover, så er det ingen vits å lese denne heller. Dersom ein har lest og likt serien så er dette ei grei nok ny bok. Ikkje super, men grei nok.

Dette syns andre: The Great Geek Manual, Science Fiction and Fantasy, SF Site og The Bookbag.

Fire av Kristin Cashore

Fire foregår i samme verda som Graceling, men litt tidlegare i tid. Akkurat som Graceling er også Fire ei god bok med ei sterk kvinne som hovudperson. Det er også ei fantasybok som vågar å ta opp ein del av brutaliteten mot kvinner som gjerne foregår når det er krig og maktkamp på gang. Eg har vel heller aldri lest ei bok innan fantasysjangeren der menstruasjon spelar ein så viktig rolle utan å ha noko som helst å gjere med at hovudpersonen er redd for å bli (eller ikkje bli) gravid. Den viser og kor hemmande og irriterande det er å bli overbeskytta. Det er ikkje langt frå å beskytte til å bli fridomsberøvande.

God bok dette. Gler meg til å lese fleire av Kristin Cashore.

Lavinia av Ursula Le Guin

Ursula Le Guin har lenge vore ein av favorittforfattarane mine, og det er ho framleis.

Lavinia handlar om den unge jenta som i slutten av Vergil sin Æneiden skal bli den trojanske helten Aenas si brud. I eposet kjem Lavinia aldri til orde, men i denne boka let Ursula Le Guin Lavinia fortelje sin eigen historie.

Boka er eit interessant skråblikk på korleis livet med Aenas kan ha vore og korleis livet i Italia kan ha arta seg for ei italiensk kongsdotter før Roma blei bygd på dei sju høgdene.

Comments

Eit lita bokoppsummering (eh, kanskje ikkje så lita…) — 1 Comment