Ærefrykt? Å jadå!

Hubble har blitt oppgradert og kjem med stadig nye bilde frå vårt fabelaktige univers. Dette bildet viser m.a. to galaksar som kolliderer og dersom du ser nærmare på bildet så ser du mange andre galaksar. Er det ikkje fantastisk? Kvar av dei galaksane inneheldt millionar av stjerner, mange av stjernene har truleg planetar rundt seg og nokre av planetane har kanskje liv. Og dette er berre eit veldig lite utsnitt av himmelen over hovudet vårt!

Klikk på bildet og bruk forstørrelsesglaset for å sjå nærmare på detaljar.

Comments are closed.