WorldOutGames i København

Måndag 27.juli kom vi til København etter ein rask tur over Øresundsbrua. Saman med resten av gjengen i Kristin sitt kor Sapfonia sjekka vi inn på DanHostel Downtown. Vi var alle der for å delta i WorldOUTGames i København, koret i korkonkurransen og eg i golf.

Koret sang pent og kom på 3.plass i korkonkurransen. Eg spelte nokså variabel golf og kjem for alltid til å gje dei dårlege sengene på vandrarheimen skulda for ryggstrekken som sette meg ut av spel på dei siste golfhola fredagen.

Vi hadde elles nokre fine dagar i København, men hadde såpass travle timeplanar at vi ikkje fekk sett så mykje av byen som vi gjerne ville. Vi må visst komme tilbake, København er ein deilig by. Vi fekk heller ikkje sett så mykje av dei andre øvingane i OutGames, kanskje vi kan reise til Vancouver i 2011 og få tid til litt av begge delar.

Laurdag ettermiddag borda vi “Pearl of Scandinavia” som fekk oss og bilen til Oslo på ein veldig behageleg måte. Etter ein hyggeleg frukost medan vi segla inn til Oslo durte vi vestover forbi Tyrifjorden og oppover Hallingdalen til Gol. Etter å ha sjekka inn på hotellet durte vi vidare til Granheim og spelte 18 hol på Hemsdal Golf Alpin. Fairwayane var ganske variable og dei nye greenane treng meir tid, men elles så er det ei bra bane.

Måndagen pøste det ned i Gol, så det einaste fornuftige å gjere var å setje kursen mot Vestlandet og sola. Som alltid er det både kjekt å vere på tur og deilig å komme heim.

Comments are closed.