Biblioteka og konkurrentane

Denne veka har det vore ein del avisskriving om bibliotek og litteraturhus som konkurrentar/samarbeidspartnarar. Også nye aktivitetar og ny utforming av biblioteka er diskutert.

Det som eg ikkje har sett noko om er ting som den nye svartenesta som Opplysningen 1881 reklamerer så heftig for på TV. Her skal du kunne spørje om alt mulig, heile døgnet, og få svar etter nokre minutt. Det kostar “berre” kr.11,- dersom du får eit svar og kr.1,- dersom dei ikkje kan svare deg. Tenesta er open døgnet rundt.

Biblioteksvar tilbyr samme teneste gjennom si SMS-teneste. Den kostar ingenting for brukaren utover det ein sms uansett kostar, og det er samme prisen om dei kan svare deg eller ikkje. Dei lovar deg svar så snart som råd, og seinast i løpet av neste arbeidsdag. Tenesta er open kl.0900-1600 på kvardagar! Biblioteksvarchatten er open kl.1000-1400 på kvardagar og e-posten er faktisk open nårsomhelst, men svaret må ein gjerne vente på til neste arbeidsdag.

Biblioteksvar
Korleis kan vi forvente at folk vil bruke ei teneste som knapt er marknadsført og knapt open (ja, det er dyrt med reklame og lønningar)?
Folk gjer lekser, svarar på quiz, diskuterer diverse greier og lurar på masse rart også etter kl.1600 på dagen. Kven spør du då? Slik situasjonen er for tida så er det mykje større sjanse for at spørsmålet blir sendt til 1881 enn 1980.
Det gode med Biblioteksvar er at dei svarar på det meste unntatt medisinske diagnosar og juridiske spørsmål, og at dei seier ifrå at meir kompliserte spørsmål helst bør stillast via e-post eller chat, det same gjeld dersom ein vil ha skikkelege referansar til kor informasjonen er henta frå. Det eg syns er verst er at chatten som er mest veleigna til ein god dialog med brukaren også er den biten av tenesta som har minst opningstid.

Opplysningen 1881

Kva for opplæring i referansearbeid har dei tilsette?
Korleis kan eg stole på ei teneste som har som eksempelspørsmål “Hvor høy er Mont Blanc?” (Mont Blanc er eit fjell, fjell er inkjekjønn og er derfor “høyt”, ikkje “høy” – alvorleg talt altså!) og “Når stenger posten?” (Posten der eg bur, der eg tilfeldigvis er, der søstera mi som eg skal be om å gå på posten for meg er, i dag, i morgon, på laurdag?).
Det er og ganske masse 1881 ikkje vil ha befatning med – “Vi kan dessverre ikke svare på spørsmål vedrørende politikk, religion, sex eller annet som kan oppfattes som støtende eller krenkende.” Kven set grensa for krenkande? Svarar dei heller ikkje på spørsmål som “Står det noko om likelønn i FrP sitt partiprogram” (faktaspørsmål innan politikk) eller “Kor mange katolikkar finst det i verda” (faktaspørsmål innan religion), og vil anatomispørsmål vere krenkande?
Eg ser i dømet at 1881 oppgjer kjelde, men inkluderer det heile lenka eller berre eit namn som t.d. Wikipedia (kva for versjon av Wikipedia? Nynorsk, bokmål, engelsk, fransk…?)

Kven vil så eg bruke?
Truleg ingen av dei så lenge eg har tilgang til Internett.
- Kl.1601-0859 på kvardagar og døgnet rundt i helgene: 1881 dersom det hasta med svaret og det var viktig nok til å spandere 11,- kroner på det.
- Kl. 0900-1600 på ein kvardag vil eg bruke Biblioteksvar – dei er billegare, eg er nokså sikker på at dei som jobbar med det er så nokolunde kvalifiserte når det gjeld informasjonsinnhenting og eg er ein av dei som faktisk veit at dei eksisterer.

Comments

Biblioteka og konkurrentane — 7 Comments

  1. Jeg så reklamen og tenkte umiddelbart det samme som deg, og luftet tankene mine for samboeren. Hvorpå han svarer “Hæ? Bibliotekhvaforno? Finnes det noe sånt?” Jeg synes dette burde være en glimrende sjanse for gratisreklame, noen innen Biblioteksvar bør skrive en liten kommentar til avisene og vise til reklamen og sitt eget tilbud. Jeg er sikker på at avisene ville elsket saken.

  2. Vi har jo også SMS-tjenesten ADAM (http://www.askadam.no/) som svarer på faktaspørsmål med Wikipedia som kilde. Lurer på om de “skraper” og sender de øverste setningene i en relevant artikkel, eller om de søker og henter ut info på en mer avansert måte? Noen som vet?

  3. Jeg har en mistanke om at det er en gratistjeneste gjør at folk tror det er dårligere.

    Eller tar jeg feil? I alle fall gjelder det innafor norsk varehandel at når folk skal velge mellom den billige leverposteien mot den litt dyrere merkevaren så velger man som regel merkavaren.
    Så da har det med merkevarebygging å gjøre. 1881 er en merkevare, mens Biblioteksvar ikke er det.

  4. Eg trur ikkje folk trur Biblioteksvar gjev dårlegare svar, eg trur at dei fleste ikkje veit at det eksisterer. I tillegg er opningstidene dårlege.