Lesemål for 2011 – Oppsummering

For 2011 lagde eg meg ei liste med 10 lesemål. Slik har det gått:

1. Begynne på alle bøkene i skal-lesast-haugen, og la vere å fullføre bøker eg ikkje likar. Dette er jo ein del av lesarrettane, men eg treng ofte ei påminning.
Eg har fått unna ein god del av skal-lese-haugen, men ikkje alt. Til saman har eg lest 58 bøker.

2. Sjå mindre tv og lese meir
Ingen ubetinga suksess dette heller.

3. Lese minst 2 novellesamlingar – eg likar novellesamlingar, men brukar ofte veldig lang tid på dei, så 2 er i utgangspunktet nok.
Dette har eg klart. Har lest 3 novellesamlingar, så her har eg overgått målet. Det hjalp veldig å ha eit mål om å lese minst 52 noveler i løpet av året. Det har eg klart.

4. Lese nynorskutgåvene av Hobbiten og Ringdrotten – dei har stått i hylla ei stund, så no er det på tide
Nei, har ikkje gjort det.

5. Lese minst 3 fagbøker.
Har lest 3, så det har så vidt gått bra.

6. Ikkje la vente-på-blogginnlegg-bunken min bli høgare enn 2 bøker – det kjem til å bli vanskeleg, men eg skal prøve.
Det har stort sett gått bra. Trur eg har vore oppe i 3 i ny og ne, men stort sett klart meg med maksimalt to.

7. Lese minst ei bok med handling frå kvar av verdsdelane og nokre med handling frå andre planetar.
Det har gåt bra.

8. Lese dei bøkene eg har lyst til å lese og ikkje la dei vike plassen for bøker eg føler at eg bør lese.
Det har stort sett gått fint.

9. Halde fram med å lese mest mogeleg på engelsk – bra for språkferdigheitene og størrelsen på bokutvalet.
Ikkje noko problem.

10. Syte mindre til mi kjære over kjedeleg språk nesten kvar gong eg les ei skjønnlitterær bok på bokmål, det er ikkje hennar feil at ho er oppvaksen i Bergen.
Det har stort sett gått bra. Hovudsakleg fordi eg har lest mest bøker på engelsk, og at dei eg har lest på bokmål har vore nokonlunde ok.

Lesemåla for 2012 er under utarbeiding og blir forhåpentlegvis presenter på bloggen snart.

Comments

Lesemål for 2011 – Oppsummering — 1 Comment