Litteraturmål 2011 – månadsskiftet november/desember

Det ser ut til at eg heldt fram med å lese ca. ei bok i veka, så i november har eg lest 5 bøker. Slik står det altså til med lesemåla for 2011

1. Begynne på bøker i skal-lesast-haugen: 2 av 5 denne månaden. Så, greit nok.
2. Sjå mindre tv og lese meir: Eh, tja.
3. Lese minst 2 novellesamlingar: Ja, no er det lesemålet nådd for året. Har begynt på novellesamling til.
4. Lese nynorskutgåvene av Hobbiten og Ringdrotten: Ikkje enno. Trur ikkje det kjem til å skje i år.
6. Ikkje la vente-på-blogginnlegg-bunken min bli høgare enn 2 bøker: Har gått bra denne månaden.
7. Lese minst ei bok med handling frå kvar av verdsdelane og nokre med handling frå andre planetar: Check!
8. Lese dei bøkene eg har lyst til å lese og ikkje la dei vike plassen for bøker eg føler at eg bør lese: 5 av 5 var berre lyst, så det gjekk bra i november.
9. Halde fram med å lese mest mogeleg på engelsk: Grei blanding.
10. Syte mindre til mi kjære over kjedeleg språk nesten kvar gong eg les ei skjønnlitterær bok på bokmål, det er ikkje hennar feil at ho er oppvaksen i Bergen: Eg sytte meir over å bli forvirra over alle etternamna i Frosset Øyeblikk, så det gjekk bra. 🙂

Comments are closed.