Tittel: Frosset øyeblikk
Forfattar: Camilla Ceder
Forlag: Bokforlaget
År: 2011
Sider: 549
Eg fekk boka i gåve frå forlaget.
Åke Melkersson skal på jobb for siste gong før han går av med pensjon. På vegen får han biltrøbbel og køyrer innom ein lokal verkstad. Der oppdagar han eit ille tilredd lik, eigaren av verkstaden. Gøteborgspolitiet byrjar straks å etterforske saka, men ingen opplagte mistenkte er å finne. Så skjer det eit liknande mord i Borås… Sidan framgangsmåten er lik, og mordet er utført med samme våpen, er det opplagt at det må vere ein samanheng, men politiet slit med å finne ut kva denne samanhengen er.
Sidan Kristin las boka før meg så blei eg advart mot å lese vaskesetelen på baksida av boka. Det var ein god advarsel. Det tok meg lengre tid å finne mordaren enn det gjorde for Kristin.
Eg syns denne boka fungerte bra. Den har eit godt samansett mysterium, med nokre interessante uventa vendingar. Hovudetterforskar Christian Tell er litt for lik mange andre middelaldrande, mannlege etterforskarar, men elles likte eg boka godt. Han kom seg forresten også undervegs. Eg likte at dei forskjellige stemmene fekk komme fram. For meg personleg var det My sin historie som var favorittdelen.
Det største irritasjonsmomentet for meg i denne boka var alle desse etternamna eg måtte halde styr på. Dei aller fleste personane i boka blir omtalt med etternamn, og dei gjekk ærleg talt litt i surr for meg, spesielt politietterforskarane.
Omsetjinga er grei, eg la ikkje merke til noko spesielt å setje fingeren på i Børge Lund sitt arbeid.
Alt i alt er dette ei god og underhaldande kriminalroman av debutanten Camilla Ceder. Men, ikkje les vaskesetelen, iallfall ikkje siste setningen.
Virker som en bra krimbok:) Må begynne å lese mer krim merker jeg.
SV;Har ikke lest mye ennå,men det jeg har lest er spennende. Men er interessant og spennende for de som liker historie og ..ja,kanskje pirater også:) hehe