The Sense of an Ending – Bokomtale

Tittel: The Sense of an EndingThe Sense of an Ending by Julian Barnes
Forfattar: Julian Barnes

Utgjevar: Jonathan Cape
Utgåve: Innbunden
Sider: 150
Først utgitt: 2011

Sjanger: Mainstream
Terningen landa på: 5
Las eg heile?: Ja.
Likte eg omslaget?: Ikkje noko særleg.

Kort oppsummering: Tony får ei uventa arv som gjer at han oppsøker folk frå fortida si for å fine ut kva som eigentleg hendte for feire år sidan.

I haust bestemte eg meg for å lese minst ei av bøkene som var nominert til The Man Booker Prize 2011. Eg begynte The Sense of an Ending av Julian Barnes fordi mange hadde den som ein av favorittane til å vinne prisen, og det gjorde den og.

Tony Webster er i sekstiåra, pensjonert, har eit venskapleg forhold til ekskona si, har ei dotter og barnebarn, og ser i det heile tatt ut til å ha levd eit ordinært liv. Han tenker nostalgisk tilbake på ungdommen sin slik mange gjer når dei oppnår ein viss alder. Men han er og skeptisk til sine eigne minner, kva hugsar han, kva inbiller han seg og kva har han forestilt seg utfrå det han har høyrt eller lest om ein situasjon.

Så blir Tony informert om at han har arva noko frå mora til ein ungdomskjæreste frå studietida, frå ei kvinne som han kun møtte ei helg då han besøkte familien saman med sin dåverande kjæreste. Ein del av denne arven er dagboka til ein venn av han som døydde for mange år sidan, men denne dagboka vil ikkje Tony sin gamlekjæreste utlevere. Tony blir svært opptatt av å få tak i dagboka og prøver samtidig å finne ut kva som eigentleg skjedde i tida fram mote kameraten sin død.

Eg syns Tony er ein interessant person der han utforskar minna sine og samtidig pressar høfleg, pedantisk og ubøyeleg på for å få utlevert dagboka.

Sidan boka vann ein av dei store engelskspråklege litterære prisane så håpa eg at den både skulle ha godt språk og ein god historie. Det første er omtrent garantert med prisvinnarar, det andre er litt meir av eit sjansespel. The Sense of an Ending har imidlertid både veldig godt språk og ein god historie.

Likevel så er eg ikkje heilt tilfreds. Eg skulle gjerne forstått litt meir av nokre av dei andre personane boka. Dette er sjølvsagt Tony sin historie, og han ser ut til å forstå kvifor dei forskjellige gjorde som gjorde og ser ut til å vere tilfreds med det. Det er ikkje eg. Eg skulle gjerne ha litt betre og inngåande forklaringar på det som eg ser på som dum oppførsel, og det er dette som gjer at boka ikkje får toppkarakter frå meg.

Men, ein 5′ar er ingen dårleg karakter og eg vil ikkje nøle med å anbefale den til dei aller fleste.

Boka er førebels ikkje å få på norsk, men det er vel godt mogeleg at den blir omsett snart, Man-Booker-vinnarar blir ofte det.

Comments

The Sense of an Ending – Bokomtale — 2 Comments