September har vore ein grei lesemånad. 6 bøker er ikkje kjempeimponerande, men greit nok. Så no står det slik til med lesemåla for 2011
1. Begynne på bøker i skal-lesast-haugen: 3 av 6 bøker denne månaden kom derifrå, så det er greit.
2. Sjå mindre tv og lese meir: Har lykkast sånn delvis med det.
3. Lese minst 2 novellesamlingar: Ja, no er det lesemålet nådd for året. Har likevel tenkt å lese fleire noveller i år.
4. Lese nynorskutgåvene av Hobbiten og Ringdrotten: Ikkje enno
6. Ikkje la vente-på-blogginnlegg-bunken min bli høgare enn 2 bøker: Akkurat no er det 2 bøker i den, så no må eg skrive om dei før den veks seg høgare.
7. Lese minst ei bok med handling frå kvar av verdsdelane og nokre med handling frå andre planetar: Denne månaden har Jellicoe Road gjort at eg har dekka alle verdsdelane der det bur folk fast. Skal eg utvide målet til å inkludere Antarktis tru?
8. Lese dei bøkene eg har lyst til å lese og ikkje la dei vike plassen for bøker eg føler at eg bør lese: Berre lystlesing i september.
9. Halde fram med å lese mest mogeleg på engelsk: 5 av 6 i september var på engelsk.
10. Syte mindre til mi kjære over kjedeleg språk nesten kvar gong eg les ei skjønnlitterær bok på bokmål, det er ikkje hennar feil at ho er oppvaksen i Bergen: Det gjekk bra denne månaden. Truleg fordi Kyrstallslottet både hadde bra språk og ein veldig bra historie.
Tips: Murakami har ei novelle som delvis går føre seg på Antarktis, kan det vere noko, eller blir det for kort til å gjelde? Sidan du likevel skal lese fleire noveller, meinar eg?
Eg lurte på: er det ei motsetning mellom 1 og 8? Hamnar dei i haugen fordi det følst mest som plikt, eller er det rett og slett at auene blir mette før – eh – auene?
Kva heiter den Murakami-novella?
1 og 8 – skal-lese-haugen er mest eit resultat av grådigheit
Når man prioriterer bøker fremfor TV, kan man fort få lest mye. 2 – 3 timers lesetid hver kveld gir endel leseopplevelser i måneden