Solheim, Solan og Smakebit på søndag

Konstrastfylt dag dette.

Solheim CupDet gode::
Europa vann Solheim Cup! Jippi!!!
Gratulerer med seieren til dei europeiske jentene og takk til dei og dei amerikanske jentene for ei flott turnering. Turneringa enda 15-13. Det var nervepirrande og eg skulle gjerne sett meir av det, men så hendte dette:

Det ikkje-så-gode:
Solan bestemte seg for å ta endå ein tur på altanrekkverket, og gjorde oss meir og meir nervøse med å hoppe opp igjen kvar gong han blei sett ned. Den siste gongen kom det eit vindkast og han sklei og ramla utfor. Han landa i den bratte grasbakken to etasjar nedanfor og rulla litt nedover. Då vi kom ned til han kunne han ikkje legge vekt på venstre bakfoten, men elles virka han ok. Så bar det avgarde til veterinæren. Etter bedøving og røntgen kom dommen: Han har eit brudd i venstre lårbein, nett over kneet. han har også eit avreve muskelfeste i venstre bakfot. Så no er han hjå dyrlegen, skal opereast i morgon og kjem etter planen heim på tysdag med metallskruar i foten. Rapporten frå veterinæren i kveld var elles at han var vaken, reagerte fint på smertestillande, åt som ein liten ponny og var kosesjuk som berre det.

No må me finne ut korleis vi kan gjere altanen vår tryggare for katten utan å øydelegge utsikta og gjere ting med bygningen som gjer alle naboane fnatt. Eller så må Solan i band kvar gong døra er open. Han kjem til å digge det….

Kanskje han vil lære noko av denne hendinga slik at han heldt seg unna altanrekkverket? Seier du det? Solan? Vi tvilar.

Solan - on a day he didn't fall from the balcony railing

Så var det søndagssmakebiten. Som vanleg er det Ladybug på Flukten fra virkeligheten som er vertinne for selskapet.

Brain Jack by Brian FalknerSmakebiten min i dag kjem frå Brain Jack av Brian Falkner.

The delivery guy piled all the boxes in a stack by the door of Sam’s apartment and handed over a PDA.
They had been waiting for this delivery for over a week.
In the immediate aftermath of the Telecomerica hack, there had been no chance of it. America had been pretty much at a standstill. At least they hadn’t lost power, unlike some states. Three days of darkness, cold showers, and no computers would have been too much to bear, Sam thought. Especially when it was your own fault!

Må elles også sei at eg likte Av en annen verden sin smakebit godt.

Comments

Solheim, Solan og Smakebit på søndag — 3 Comments

  1. Så hyggelig at du likte smakebiten min! 🙂 (Men jeg heter Elin,altså, ikke Av en annen verden, det er bloggen sitt navn… ;))