Hypnotisert av Tori Amos

I det siste har eg høyrt mykje på Tori Amos si “Abnormally attracted to sin“. Ved første gjennomlytting likte eg den ikkje så veldig godt. Den har få songar med hitpotensiale og var som sagt ikkje så veldig attraktiv ved første lytting. Men som med alle cd’ar eg let få ein sjanse så blei også denne spelt meir enn ein gong, og etter eit par gjennomlyttingar innsåg eg at eg var hypnotisert og håplaust forelska.

Denne skal eg kjøpe!

Det er her at “Bibliotek”-taggen kjem inn i denne posten: Eit av FrP sine siste utspel er at bibliotek ikkje skal drive og låne ut cd’ar og dvd’ar fordi dette er å konkurrere med platebutikkar (bokutlån er visst ikkje konkurranse med bokhandlarar?????). Eg har lånt “Abnormally attracted to sin” frå Bergen Off. Bibliotek si aldeles utmerka musikksamling og skal no som sagt ut og kjøpe den. Eg kjøper aldri cd’ar som eg ikkje veit om eg likar, det har eg nemleg verken råd eller lyst til, så for meg fungerer cd- og dvd-utlånet til biblioteket som ei kjøpsvurdering. Det eg likar veldig godt kjøper eg, det eg ikkje likar leverer eg tilbake utan at nokon har tapt noko som helst på det.

Comments

Hypnotisert av Tori Amos — 1 Comment