Smakebit på søndag – Year’s Best SF 15

Etter nokre hyggelege timar som dommar på Ladies Tour finale på Fana Golfklubb er eg trygt heime hjå kjæresten, pusekatten, sofaen og min sterkt aldrande laptop. Så no er det på tide med ein søndagssmakebit. Vertinne for boksmakebitselskapet er som vanleg Ladybug på Flukten fra virkeligheten.

Smakebiten denne veka kjem frå novellesamlinga Year’s Best SF 15, redigert av David G. Hartwell og Kathryn Cramer. Eg likar å lese nokre science-fiction-noveller i ny og ne, og dette har så langt vist seg å vere ei god samling av ganske så forskjellige noveller.

Year's best SF 15 - short story collectionSmakebiten kjem frå byrjinga av novella eg nett skal til å begynne på; “Collision” av Gwyneth Jones.
Does size matter? You can build a particle accelerator on a desktop, but the Buonarotti Torus was huge, its internal dimensions dwarfing the two avatars who strolled, gazing about them like tourists in a virtual museum. Malin had heard that the scale was unnecessary, it was just meant to flatter the human passion for Big Dumb Objects: a startling thought, but maybe it was true. The Aleutians, the only aliens humanity had yet encountered, had never been very good at explaining themselves. (Kindleutgåve, s.142)

Eg gler meg til å lese resten av novella.

Comments

Smakebit på søndag – Year’s Best SF 15 — 2 Comments