August har igrunnen vore ein ganske elendig lesemånad, men det står no slik til med lesemåla for 2011
1. Begynne på bøker i skal-lesast-haugen: Vel, alle tre bøkene denne månaden hadde vore i heimen ei stund før dei blei lesne.
2. Sjå mindre tv og lese meir: Den har gått i vasken i august er eg redd for.
3. Lese minst 2 novellesamlingar: Ferdig med ei og har så vidt begynt på neste.
4. Lese nynorskutgåvene av Hobbiten og Ringdrotten: Ikkje enno
6. Ikkje la vente-på-blogginnlegg-bunken min bli høgare enn 2 bøker: Med såpass lite lesing så blir den ikkje så høg. Det er ei i den no.
7. Lese minst ei bok med handling frå kvar av verdsdelane og nokre med handling frå andre planetar: Manglar framleis Oceania, resten er dekka
8. Lese dei bøkene eg har lyst til å lese og ikkje la dei vike plassen for bøker eg føler at eg bør lese: Desse var alle lystlesing.
9. Halde fram med å lese mest mogeleg på engelsk: Augustbøkene var alle på engelsk.
10. Syte mindre til mi kjære over kjedeleg språk nesten kvar gong eg les ei skjønnlitterær bok på bokmål, det er ikkje hennar feil at ho er oppvaksen i Bergen: Ho har sluppe lett unna dei siste månadene.
Til Oceania delen av utfordringen er Jellicoe Road en fantastisk god bok, en ungdomsbok men en flott historie fra vår tid. Nydelig!
Jeg frykter at innlegget mitt er litt kjedelig, det er jo trossalt på bokmål he he
Bokmål blir tilgitt i kommenatarar
Jellicoe Road ser veldig bra ut og er kjøpt inn til kindle’n. Takk for tipset.
Gratulerer dere også, og lykke til med flytting