Eg kom over desse spørsmåla på Anitas blogg, og sidan har eg sett det på fleire norske bokbloggar. Syns at det var greie spørsmål å svare på ein laurdagskveld.
Favorittbok i barndommen?
Eg kunne ikkje lese då eg begynte på skulen, men var nok ganske overmoden sidan det berre tok meg ein dag å knekke lesekoden. Så begynte eg å lese alt eg kom over igrunnen. Alt som fantes i skuleboksamlinga på Romarheim og Urdal barneskule, diverse som eg fann på bokbåten Epos, og masse spenningsbøker som låg igjen etter onklane mine frå då dei vaks opp. Kan ikkje hugse noko spesiell favorittbok, men eg las ivrig alle slags seriar med guttebøker, jentebøkene var ikkje mi greie.
Hva leser du nå?
Akkurat no les eg The Wise Man’s Fear av Patrick Rothfuss og Un Lun Dun av China Miéville.
Dårlig bokvane?
Å lese for lite. Skal-lesehylla vår har no blitt til skal-lesehyllene og ulestgruppa på kindle’n min er den største på heile dingsen.
Verste boka du har lest?
Eg las utruleg masse søppel som tenåring, så det er truleg ei eller annan småsleazy “spionen som knullet alle” bok. Dårlegaste kritikarroste boka dei siste åra er Vindens Skygge av Carlos Ruiz Zafón, syns den var ufatteleg masete.
Beste boka du har lest i år?
Among Others av Jo Walton. Les, les, les!
Favorittforfatter?
Nei, ikkje ein. Eg er glad i mange forfattarar, her er nokre, og eg kjem sikkert på fleire etter at eg har lagt meg i kveld: Lois McMaster Bujold, Connie Willis, Charles de Lint, Kurt Vonnegut, J.R.R. Tolkien, Ursula K. LeGuin, Isaac Asimov, China Miéville, Jasper Fforde, Diana Wynne-Jones, m.fl.
Favorittbøker?
Igjen, fleire enn ei: Hobbiten og Ringenes Herre av J.R.R. Tolkien, Doomsday Book (og alt anna igrunnen) av Connie Willis, The Dispossessed og The Left Hand of Darkness av Ursula K. LeGuin, The Time Traveler’s Wife av Audrey Niffenegger, The Book Thief av Markus Zusak, Among Others av Jo Walton, Snow falling on Cedars av David Guterson, Alt av Lois McMaster Bujold, Fried Green Tomatoes at The Whistle Stop Café av Fannie Flagg, Harry Potter serien av J.K. Rowling, m.fl.
Kan du lese på bussen?
Ja! Har nett skifta jobb og tar igjen buss fram og tilbake til jobben. Herleg!
Hvor er din favorittplass å lese på?
Sofaen på kjøkkenet (ja, vi har plass til ein) og bussen er det som fungerer best no for tida. På badet med elektrisk tannbørste i hi handa fungerer også bra.
Hva tenker du om å låne bort bøker?
Eg er bibliotekar. Kva trur de?
Lager du eselører i bøkene dine?
Nei, det får eg meg berre ikkje til å gjere.
Skriver du noen gang i bøkenes marg?
Nei. Veit ikkje heilt kvifor, men har aldri gjort det.
Hvilket språk foretrekker du å lese på?
Forfattaren sitt originalspråk dersom eg kan det. Så det blir mest engelsk.
Hva får deg til å elske en bok?
At den har noko som gjer at eg blir hekta på den. Eg må bry meg om personane, dersom eg ikkje gjer det så kan heile boka vere for meg.
Favorittsjanger?
God science fiction.
Sjanger du leser sjeldent (men skulle ønske du leste mer av)?
Skulle gjerne lest meir populærvitskap og vitskapshistorie. Gjerne og ein del vitskapsteori. Skjønnlitterær sjanger som det blir lite av er klissete vampyrbøker, innoverskuande mannlege hovudpersonar og såkalt chic lit, ser eigentleg ingen grunn til å endre på det.
Favorittbiografi?
Biografiar er ikkje mi greie. Likar nok meir ting som vitskapshistorie som har ein del biografisk informasjon, men gjerne handlar om meir enn ein person.
Har du noen gang lest en selvhjelpsbok?
Prøvde ein gong i tida, det er sikkert over 20 år sidan. Det var ikkje verd tida det tok.
Så morsomt å lese svarene dine, Eva. Det er forresten alt for få som har sofa på kjøkkenet nå til dags, eller slagbenk er det vel jeg har vokst opp med hos mine besteforeldre.