Smakebit på ein søndag – Shades of Grey

Det er på tide med søndagssmakebit igjen og som vanleg er Ladybug vertinne for smakebitselskapet.

Denne veka kjem min smakebit frå boka Shades of Grey : The Road to High Saffron av Jasper Fforde. Jasper Fforde er også forfattaren bak serien om den litterære detektiven Thursday Next. Thursday Next- serien og Shades of Grey foregår i forskjellige alternative verder som får hjernen min til å vri seg når eg les om dei. Eg likar det.

Shades of Grey : The Road to High Saffron av Jasper FfordeSmakebiten kjem frå byrjinga av kapittelet The House på s.46, nett der bokmerket mitt ligg akkurat no.

9.3.88.32.025: The cucumber and the tomato are both fruit; the avocado is a nut. To assist with the dietary requirements of vegetarians, on the first Tuesday of the month a chicken is officially a vegetable.

Må berre sei at eg diggar sånne setningar ;-)

Comments

Smakebit på ein søndag – Shades of Grey — 2 Comments