[geim] av Anders de la Motte

[geim] av Anders de la MotteForfattar: Anders de La Motte
Originaltittel: Geim
Originalspråk: Svensk
Omsetjar: Inge Ulrik Gundersen
Frå: Bokforlaget kontakta meg og spurde meg om eg vil lese denne og skrive ein omtale dersom dei sendte meg eit eksemplar. Eg takka ja.

Forfattaren er tidlegare politimann og vann Svenska Deckarakademins debutantpris for Geim.

[geim] har to hovudpersonar. HP er ein småkriminell slamp som finn ein veldig fin og moderne mobiltelefon på lokaltoget. Alt som står på skjermen er orda “Wanna play a game?”, og når HP endeleg svarar ja tar livet hans ei heilt ny vending. Etter som han utfører oppgåvene, og dei er som oftast ulovlege og adrenalinframkallande, får han meir og meir anerkjenning av speleleiar og fans i tillegg til pengar. Etterkvart skjer det imidlertid ting som gjer sjølv HP bange aningar. Rebecca Normén er politioffiser og jobbar som livvakt. Ho er organisert og disiplinert og lét til å ha full kontroll både på karrieren og livet, men vi anar likevel fort at det er meir med Rebecca enn ho vil at alle skal vite. Ho får også truande lappar på jobben og nokon legg igjen beskjedar på telefonsvararen hennar. Handlinga vekslar mellom å følgje dei to hovudpersonane og etterkvart nærmar HP og Rebecca sine historier seg kvarandre.

Eg må berre sei at det tok meg litt lang tid både med å komme i gang med [geim] og å lese den. Vi er midt i ein kjøpe-/selje-/flytteperiode, så det var kanskje ikkje det smartaste tidspunktet å sei ja til å lese og anmelde. Men, [geim] er heldigvis både ganske lettlest og spennande, så det har gått bra likevel.

Eg er ikkje særleg begeistra for HP sitt språk. Det blir berre for masse banning og for mange engelske ord putta innimellom ganske vanleg norsk. Når HP diskuterer eller tenker på spelet så syns eg det er greitt med denne språkblandinga. det same gjeldt msn-samtalane med kameraten Mange, men når den dukkar opp i så mange av HP sine vanlege norske setningar så blir det litt påtrengande. I det heile tatt så finn eg HP ganske irriterande, Rebecca er ein mykje meir interessant person.

Uansett så er [geim] ei spennande bok, ganske så heseblesande faktisk. Handlinga tar stadig nye vendingar og forfattaren unngår dei verste krimklisjefellene. Det er og interessant med ei bok som vekslar mellom det småkriminelle blikket og politiroman. Eg antar at forfattaren har fått masse inspirasjon frå spelverda og sosiale media, og sidan han no jobbar med it-sikkerhet så veit han kva han skriv om. Eg anar og nokre filmreferansar av type “Wag the dog” og andre konspirasjonsteorifilmar. Slutten er også open nok til at det kan bli ei fortsetjing dersom forfattaren ønsker det.

Alt i alt så syns eg både forfattar Anders de la Motte og omsetjar Inge Ulrik Gundersen har gjort ein nokså bra jobb med denne boka. For meg rekk det til ein 4′ar på skalaen, men eg trur nok at den kan appellere meir til gutar i ungdomsskule-/vgs-alderen som truleg vil ha mindre å utsetje på den bannande norsk-engelske blandinga og heller ikkje er så drevne krimlesarar at dei gjennomskuar delar av handlinga såpass fort som eg gjorde. Mitt eksemplar av [geim] blir overlatt til biblioteket på Askøy vgs. og treff dermed forhåpentlegvis fleire av målgruppa si. At den ikkje var heilt for meg betyr ikkje at eg vil nøle med å anbefale den til elevar som “må” lese ei bok.

Comments are closed.