Bøker og Bechdeltesten

I år legg eg ei liste over alle bøkene eg har lest her på bloggen. Lista har med ting som tittel, forfattar, nokre emneord, når eg las den og kor godt eg likte den. No trur eg at eg må legge inn litt ekstra informasjon: Står den på Bechdeltesten?

Testen er sånn nokonlunde slik:

  1. Den må ha med minst to kvinner (tillegg: som må vere namngjevne)
  2. Dei må snakke med kvarandre
  3. Om noko anna enn ein mann

Bechdeltesten er for filmar, men etter å ha lest denne posten på Occasional Planet skjønte eg at den fungerer like godt på bøker. (Originale idear er ikkje mi sterke side, men eg tar hint…)

Eg har ein mistanke om at mange av bøkene les ikkje vil stå på prøven. Det er ikkje slik at alle må stå på testen, men eg bør iallfall vere sånn nokonlunde klar over kva som foregår. Det skal bli interessant å sjå, etter at eg har gjort dette ei stund, om det er forskjellar mellom mannlege og kvinnelege forfattarar og nyare og eldre bøker.

Det blir og interessant å sjå om eg kan finn ei bok som ikkje står på Anti Bechdeltesten. Er det mulig for meg å finne ei bok som stryk på dette?

  1. Den må ha med minst to menn (tillegg: som må vere namngjevne)
  2. Dei må snakke med kvarandre
  3. Om noko anna enn ei kvinne

Dette kan bli vanskeleg…

Uansett, frå no av skal eg prøve å ha med Passed-B eller Failed-B på alle bøker eg les, og dersom nokon av dei stryk på anti bechdel testen så skal eg iallfall sei ifrå om det. Eg skal gjere noko tilsvarande med emneorda mine på LibraryThing og Bokelskere.

Eg syns at Bechdeltesten burde bli benytta av både film- og litteraturkritikarar og lærarar, ikkje som eit kvalitetsmål, men som ein måte å halde seg bevisst saka. Eg trur det er mange elevar som aldri blir konfrontert med dette når det gjeld bøker dei les og filmar dei ser, men det burde dei bli. Når det gjeld film- og litteraturkritikarane så ville det vore interessant å sett kva for tal dei ville fått ut av dette på sine årlege oppsummeringar.

Er det andre som brukar eller vurderer å bruke Bechdeltesten som ein del av lesararsenalet sitt?

Comments

Bøker og Bechdeltesten — 2 Comments

  1. Kjenner den jo, og blei umiddelbart inspirert, men les jo ikkje lenger nok til at eg kan gjere noke spennande testing. Siste bok lest passerer ikkje (http://www.miromurr.no/havet/?p=1719). Sjølv om den har ein kvinneleg hovudperson og tildels eit stramt fokus på henne, er ho den einaste kvinna på scena, og har slett ingen damer å snakke med. Om du då ikkje tar med mannen som tidvis blir tatt for å vere kvinne.

    Trur sist leste bok som verkeleg passerer med glans, var ‘Song om Eirabu’, der temaene går langt vidare enn berre til menn ;-)

  2. Velkjent problem ja. Among others stod iallfall, men den eg har no står neppe. Har mannleg hovudperson og er ei typisk actionbok, så den har det meste mot seg :-)