Folkeopplysning om bryllaup

Me har vage bryllaupsplanar (og nei Bjarte, vi har ikkje bestemt dato enno). Som inspirasjon, eller muligens skrekk og advarsel, har vi begynt å lese bloggen Brudgom i blinde.

Etter litt lesing er vi overbevist om at vi kan akkurat like lite om dette som den vordande brudgommen austpå og Kristin har no begynt å oppsøke bryllaupsnettsider i rein panikk. Vi hadde kanskje lært noko av å sjå 3 bryllup på TV3, men brud M (meg) er nokså realityprogramallergisk, så det har ikkje skjedd.

Brud F (Kristin) har no nett oppdaga at det visstnok blir arrangert bryllaupsmesser rundt i landet og at det fintes noko som heiter bryllupsguiden.no. Graden av bryllaupsvannkunne i denne heimen er tydeligvis uendeleg, så eg trur vi treng all den guiding vi kan få. Om ikkje anna så vil vi iallfall vite når vi har grunn til å få panikk.

Comments

Folkeopplysning om bryllaup — 4 Comments

  1. Eg lufta såvidt ordet då vi hadde skjønt at det faktisk var noko som heitte temabryllaup, men vart merkeleg nok nedstemt. Kan ikkje fatte kvifor.

  2. Så gneistrande flott, og gratulerer med beslutninga!

    Eg tenkjer som Thomas, at grunnreglane er temmeleg enkle, og utover det gjeld det jo å gjere dagen mest mogeleg til ‘dokka eigen’, at det skal vere ein dag å kjenne seg igjen i og trivast i, med nok løft til at det kjennest som ein fest! Ikkje så mykje at det blir eit slit og eit gnag, på dagen eller på førehand, men likevel nok til at det kjennest at det er ein heilt, heilt spesiell dag!

    Igjen: Tillukke!