Litteraturmål 2011 – 3. statusrapport

Etter tre månader står det slik til med lesemåla for 2011

1. Begynne på bøker i skal-lesast-haugen: 2 av dei 6 bøkene lest i mars kom frå den haugen!
2. Sjå mindre tv og lese meir: Tja, litt iallfall.
3. Lese minst 2 novellesamlingar: Ferdig med ei, men ikkje begynt på neste enno. Lest ei frittståande novelle i mars.
4. Lese nynorskutgåvene av Hobbiten og Ringdrotten: Ikkje enno
6. Ikkje la vente-på-blogginnlegg-bunken min bli høgare enn 2 bøker: Har gått bra til no. Akkurat no er det to i haugen.
7. Lese minst ei bok med handling frå kvar av verdsdelane og nokre med handling frå andre planetar: Har alt vore innom Nord- og Sør-Amerika, Europa, Asia og ein annan planet. Manglar framleis Afrika og Oceania.
8. Lese dei bøkene eg har lyst til å lese og ikkje la dei vike plassen for bøker eg føler at eg bør lese: Alle var “lyst” denne månaden, og dei fleste var gode.
9. Halde fram med å lese mest mogeleg på engelsk: Denne månaden var alt på engelsk.
10. Syte mindre til mi kjære over kjedeleg språk nesten kvar gong eg les ei skjønnlitterær bok på bokmål, det er ikkje hennar feil at ho er oppvaksen i Bergen: Alt var på engelsk, så ho slapp lett unna i mars.

Comments

Litteraturmål 2011 – 3. statusrapport — 3 Comments

  1. Fin blogg du har! Og må si at litteraturmålinnlegget ditt var morsomt, spesiel punkt 10 :)
    Skulle gjerne ha satt opp en lignende liste selv, men kjenner jeg meg selv rett, er jeg mok litt for lat til det ;)