Etter to månader står det slik til med lesemåla for 2011
1. Begynne på bøker i skal-lesast-haugen: 1 av dei 4 bøkene lest i februar kom frå den haugen!
2. Sjå mindre tv og lese meir: Trur eg har klart det i ein viss grad.
3. Lese minst 2 novellesamlingar: Ferdig med ei, men ikkje begynt på neste enno.
4. Lese nynorskutgåvene av Hobbiten og Ringdrotten: Ikkje enno
6. Ikkje la vente-på-blogginnlegg-bunken min bli høgare enn 2 bøker: Har gått bra til no. Ganske nøgd med meg sjølv.
7. Lese minst ei bok med handling frå kvar av verdsdelane og nokre med handling frå andre planetar: Har alt vore innom Nord- og Sør-Amerika, Europa, Asia og ein annan planet. Manglar framleis Afrika og Oceania.
8. Lese dei bøkene eg har lyst til å lese og ikkje la dei vike plassen for bøker eg føler at eg bør lese: 1 av begynte som ei “bør”-bok, men den var så bra at det vart etterkvart rein lyst.
9. Halde fram med å lese mest mogeleg på engelsk: Denne månaden var alt på engelsk, inkludert den som også finst i norsk utgåve.
10. Syte mindre til mi kjære over kjedeleg språk nesten kvar gong eg les ei skjønnlitterær bok på bokmål, det er ikkje hennar feil at ho er oppvaksen i Bergen: Alt var på engelsk, så ho slapp lett unna i februar.
I tillegg har eg visst lova å lese 52 noveller og blogge om dei i løpet av året: Har lest ferdig ei novellesamling og blogga om den. Trur eg kjem til å gjere det på den måten.